RSS

Bokhylle, fyll deg! Korfor?



I skrivande stund er eg medlem av intet mindre enn fem (seks) bokklubbar. Seks fordi eg melde meg ut av ein i går (det har nemleg gått eitt år). Tiltalt og felt. Ja, eg tilstår. Eg har ein stygg (stygg og stygg, eg synest eigentleg det er nokså fint. Flott faktisk!) uvane (her kunne eg ha gått same vegen angåande uvane og vane) med å la meg friste av velkomsttilbod.

Nei, eg byrjar på nytt. Eg har ein flott vane med å la meg friste av velkomsttilbod. Du har sikkert lest det: "Meld deg inn i bokklubben vår og få tre bøker gratis!" Eller noko i den dur. Dette er som opium for meg. Og heilt sikkert mange andre. Eg går rett i fella.Kvar gong.

Så kjem spørsmålet: Kvifor er denne vanen så flott når det er så mange som ikkje vil la seg verve (eg har nemleg prøvd å overtale vener til å la seg verve. Dei fleste nektar, også mor mi, men ho blei tvinga. Hihi! Eg fekk jo fem bøker i vervepremie!)? Jau, fordi eg er ein avbestillings-gestapo. Så der altså ikkje snakk om noka felle i mitt tilfelle. Snarare tvert imot. Eg gløymer aldri å avbestille noko som helst. Det har hendt at ei og anna bok har funne vegen til postkassa mi, men det er fordi dei har gløymt å sende meg medlemsblad den månaden. Da ringjer eg sint til medlemsservice. Det er sjølvsagt ikkje snakk om å behalde boka, for når slike feil skjer er det alltid ei eg ikkje har interesse av å lese. Typisk!

Og så til overskrifta: Korfor? Kvifor har eg skrive korfor i tittelen på innlegget når eg i sjølve innlegget skriv kvifor? Det er fordi eg har ei venninne (ja, det er deg, Lisa) som blir særdeles forarga når folk skriv korfor i staden for kvifor. Ho anbefala meg å ikkje lese Saman blir ein mindre aleine berre på grunn av at omsetjaren har brukt korfor. Om eg las boka likevel? Sjølvsagt! Eg likte ho også. Svært mykje. Eg trur jammen eg skal leggje om til korfor. Berre for å irritere. Hahahaaa!

No ser eg at eg har bevege meg langt utpå viddene. Kva har korfor med resten av innlegget å gjere? Eg veit ikkje. Til mitt forsvar kan eg påstå at alt er linka saman på eit eller anna vis. Dermed er eg i min fulle rett til å skrive det. Eit anna argument er at eg er eigar og brukar av denne bloggen og skriv om det eg vil. Som i denne omgang går ut på å blande medlemsskap og korfor. Eg altså!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Er ikkje omsetjaren Tove Bakke? Og er ikkje ho kjærasten(eventuelt sjølvaste kona) til Ragnar Hovland? Då vil eg påstå at ho er i høgste grad tilgjeven, trass i at eg sjølv heiar på kvifor.

ingvild auge her

PS. Korleis likte du bøygen?

annkolaas sa...

Dette måtte eg google, og sanneleg har du ikkje rett! Tove Bakke er gift med Ragnar Hovland. Eg var ikkje klar over det. Verda er sanneleg ikkje stor. Forfattarar finn vel kvarandre, uansett.

Bøygen har framleis berre blitt bladd i. Det er helg, og helg betyr hyperaktive born overalt. Ikkje mykje tid til å setje seg ned da. Men eg tenkjer å bla meir i kveld. Glede:)