RSS

For ein kamp!

Karl Ove Knausgårds Min kamp er litt av ei bok. Bøker faktisk. Heile 2700 sider har han skrive om seg sjølv. Det er slett ikkje småsaker. Eg kan berre tale for dei første 434 sidene, som utgjer første av dei seks bøkene. Eg blei ferdig i går kveld. No angrar eg litt på at eg begynte på denne kampen. Fordi eg må ha meir. Planen var å lese første boka, få litt avstand, lese meir. Men eg kjenner at eg må ha påfyll ganske snart, så det er vel berre å finne fram lommeboka. Biblioteket kjem til kort. For desse bøkene er det lang ventetid på. I alle fall for lenge til at eg orkar å vente.



Knausgård skriv ekte, levande og ærleg. Til tider kanskje litt for ærleg. Men eg likar det. I Min kamp 1 begynner han med ei skildring av døden. Eller korleis fenomenet død blir oppfatta av mange. Allereie i første avsnittet kjem fleire av dei, for enkelte, provoserande tankane hans til syne. Eg skjønar kvifor, men tek meg sjølv i å tenkje at han har heilt rett. Men eg begynte å lure litt då eg las at han i ei periode budde på ei øy i Nord-Norge, og arbeidde som lærar då han skreiv den første romanen sin (dette er nok typisk Knausgård-provokasjon).

I boka blei eg godt kjend med Knausgård, (så kjend at det føles litt rart å skulle omtale han med etternavn no) og han han fortel om fleire episodar frå oppveksten. Men også frå vaksen alder. Han hoppar litt fram og tilbake i tid, og gjer det på ein så elegant måte at det føles heilt naturleg. Eg missa ikkje tråden ein einaste gong, og fann fram boka kvar gong eg hadde sjansen.

Min kamp 1 tek for seg ein ung Karl-Ove som har eit problematisk forhold til faren sin, som ikkje er den mest populære i klassa, som diltar etter den eldre broren sin og som sit mykje aleine i hybelen sin. Vidare skriv han om tida han og Tonje er sambuarar i Bergen, og også om familielivet med Linda, kona, og dei to små borna deira. Blant anna.

Det eg har merka meg når folk snakkar om forfattarskapen til Knausgård, er at han kan vere litt vel detaljert i skrivinga si. Dette merka eg godt. For det meste då han skildrar daglegdagse hendingar. Men han skriv så godt at eg synest dei sklir rett inn i handlinga og gjer romanen enda betre. Når det er sagt, må eg nemne at han kjem med tankestraumar enkelte stader som eg godt kunne klart meg uten. Dei er slett ikkje dårlege, og er med på å gjere det heilskaplege i boka, som er nettopp eit uttrykk frå forfattaren sjølv. Men det falt ikkje i så god smak akkurat hos meg.

Karl-Ove Knausgård lar lesarane få innsyn i store delar av livet sitt. Vi får le saman med han, gråte saman med han, vere sint saman med han. Romanen lokka fram heile kjensleregisteret hos meg. Eg lo godt då eg las om søvngjengaren Karl-Ove, raudma over Kjartan Fløgstad-intervjuet, og nikka gjenkjennande over frustrasjonen med å vere småbarnsforelder. Han fortel om korleis det er å vere lisjebror, son, barneborn, klassekamerat, kompis, kjærast og ektemann. Det har rett og slett vore ei sann fryd å lese boka.

Min kamp 1 er for meg, eit sjølvbiografisk verk, ei dagbok, ein oppvekstroman, eit essay, men mest av alt ei historie om å våge. Dette er eit mykje omdiskutert verk som fleire av dei utleverte familiemedlemmane hans kallar "judaslitteratur". Kanskje ikkje så rart. Likefullt; Karl Ove Knausgård vågar, og vinn stort.

Livet er en gamp, sa kjerringa. Hun kunne ikke si k.


Karl-Ove Knausgård er ein velfortent Bragepris-vinnar

1 kommentarer:

mittsnitt sa...

Jeg har akkurat lest Min Kamp 1 og ble nysgjerrig på andre omtaler. Så det var spennende å finne din blogg der du faktisk har omtalt alle bindene. Og spennende å se hvor forskjellig det er mulig å oppleve en bok. Jeg synes Min Kamp er mer interessant som prosjekt enn som bok.