RSS

Påskeparaden



No har eg forsømt nynorsken min så mykje i det siste at eg skuldar han eit innlegg. De får berre bere med meg, for han blir særs fort rusten. Nuvel, eg gjer eit forsøk.

Eg svevar på ei aldri så lita lukkeboble for tida, for no har eg lese den eine gode boka etter den andre. Noko som gjer at eg fryktar det kjem ei dårleg ei snart. For det gjer det alltid. Men ei og anna dårleg blant fleire gode må ein vel halde ut. Om ikkje anna tek i alle fall dei gode seg enno betre ut. Mi siste erobring er Richard Yates fantastiske Påskeparaden. Som dei fleste bøkene eg les, var det tilfeldig at eg valde denne. Eller kanskje ikkje?

Borna mine trengde nytt lesestoff førre laurdag, og då eg skulle skanne inn bøkene falt blikket mitt på hylla over bøker som akkurat hadde blitt levert attende. Eg hugsa å ha lese om Påskeparaden i Epp-medlemsbladet, og ettersom eg likte filmatiseringa av Revolutionary Road (nok eit meisterverk av Yates - dristar eg meg til å seie, for eg har ikkje lese boka) plukka eg opp boka. Eg skulle bere kike litt på omslaget, kanskje bla litt i ho. Men åh! Eg rakk å lese første setninga

Ingen av Grimes-søstrene skulle få et lykkelig liv...

Jepp! Det var sjølvsagt nok for meg. Denne tragedia måtte utforskast nærmare.

Påskeparaden blei utgjeven første gong i 1976, og er framleis høgst aktuell i dag. Boka tek for seg søstrene Emily og Sarah Grimes, som veks opp saman med mora, Pookie og faren, Walter. Tidsmessig begynner boka då foreldra skiljer seg i 1930, og vi følgjer dei førti år fram i tid. Sarah giftar seg og blir husmor medan Emily veljer universitetsstudiar og har fleire kjærestar.

Vi følgjer Emily gjennom boka, men får likevel høyre vel så mykje om dei andre karakterane. Språket er sofistikert, og det er som om forteljaren legg orda i munnen på personane. Bokstaveleg talt. Eg levde meg inn i historia, og kunne nesten ikkje tru at eg berre hadde lese 30 sider då eg kika på sidetalet. Det kjendes ut som eg hadde lese mykje meir; det var så mykje innhald i sidene. Eit fortetta språk som førte meg elegant gjennom den 218-siders romanen. Det var faktisk nytt for meg som er vand med 400-600 sider, der halvparten ofte er unødvendig pjatt! Eit sporadisk utdrag (eg har som vanleg ikkje merka av sitat eg likar spesielt godt):

Hun serverte lunsj som var nesten like håpløs som et av Pookies måltider; deretter var problemet at samtalen hele tiden rant ut i sanden. Sarah ville vite "alt" om Barnard, men da Emily begynte å snakke, så hun søsterens øyne bli slørete av smilende kjedsomhet.

Eg vil ikkje seie så mykje meir om innhaldet i romanen, sjølv om det faktisk står ein god del på omslaget. Det er rett og slett ein realistisk roman om draumar og lengslar som ikkje finn vegen ut (dette står også på omslaget, men det er så treffande og eg har verken tid eller lyst til å finne mine eigne ord). Det var veldig vanskeleg å leggje frå seg boka, noko eg faktisk gjorde då eg innsåg at ho snart var slutt. Dette er noko eg aldri gjer, sjølv kor god ei bok er. Eg er så oppslukt og så nysgjerrig på den neste boka eg skal lese at eg alltid les til slutten. Eg måtte sjølvsagt ta opp boka og lese ferdig etter kort tid. (Det er muleg at den korte tida var fem minutt, som utan boka kjendes meir ut som fem timar.)

218 sider går unna på rekordtid, og boka treng ikkje eingong fleire sider, for ho fortel alt du treng å vite på desse sidene. Denne boka skal bli neste månads lesesirkelbok. Det har eg bestemt. For denne er eg ikkje ferdig med, mentalt.

Påskeparaden anbefalast på det varmaste. God påske og god bok!

9 kommentarer:

stine sa...

Åij, denne hørtes spennende ut!
Skal legge den inn i "ønskelisten" min :)
Utrolig søtt design du har på bloggen din!

annkolaas sa...

Det bør du:) Tusen takk for det!

Ingeborg B. Hansen sa...

(Eit lite hurra)

Stine sa...

SV; da får du ha god påske og lykke til med lesing og oppussing :D

Bai sa...

Så fint du skriv :D

Denne høyrest ut som om ho må over på leselista.

Mammadamen sa...

Takk for tips, høres ut som ei bok jeg kan like og! Fint å lese nynorsk, forresten:) God påske! Klem Mammadamen

annkolaas sa...

Tusen takk, alle:) Eg vurderar å lese "Revolutionary Road" sjølv om eg nyleg såg filmen (eg plar nesten aldri å lese boka dersom eg har gått den vegen). Så bra var boka!

Ps. Eg tek meir enn gjerne imot tips om liknande bøker. God påske!

Kirsten M sa...

Hei, fint å lese hva du skrev om Påskeparaden, synes selv den var veldig bra. Anbefaler også "Revolutionary Road" selvom du har sett filmen: ) Godt å lese det du skriver!

annkolaas sa...

Takk! Ja, jeg tror jeg må lese den også:)