RSS

Madame Bovary


Gustave Flaubert: Madame Bovary. Fra livet i provinsen, 367 sider. Aschehoug

Madame Bovary er ein roman eg lenge har tenkt at eg skulle lese. Som så mange andre bøker. Heime er eg framleis nettlaus, noko som også betyr at eg ikkje har tv (sånn blir det når ein giftar seg med ein datamann. Da skal alt koplast saman). I rein desperasjon har dette ført til at eg faktisk har satt meg på trimsykkelen nede i kjellaren og lest. Ei rar oppleving. Anbefalast ikkje til bilsjuke.

Emma Bovary er busatt i ein landsby i Frankrike. Ho er gift med landsbylækjaren og har ei dotter og elles alt ho treng. Bortsett frå opplevingar. Ho finn dagleglivet i provinsen særs lite tilfredsstillande og lengtar etter større eventyr. Mannen hennar forgudar ho og gir ho alt ho vil ha, men for Emma er det aldri nok. Det er stadig noko nytt ho må ha for å bli kvitt uroa i kroppen. Eit nytt sjal, ein ny kommode. Til slutt kjem også desse tinga for kort og ho innleier eit forhold til ein mann.

En kvinne som har pålagt seg så store ofre, kunne gjerne koste på seg noen ekstravaganser. Hun kjøpte seg en gotisk bedestol, på en måned brukte hun fjorten francs på sitroner til å rense neglene; hun skrev til Rouen etter en kjole i blå kasjmirull, hos Lheureux valgte hun ut det vakreste sjalet han hadde; hun bar det rundt midjen over morgenkåpen, og med skoddene lukket og en bok i hånden lå hun hele dagen utstrakt på en kanapé i dette antrekket.

Fru Bovary viklar seg inn i eit nett av stadig større forviklingar, og det går hardt ut over ektemannen hennar og den vesle dottera. Madame Bovary blei utgitt i 1857 og Flaubert blei anmeldt for sine skildringar av usømmelege åtferd. Språket er godt. Eg er svak for desse velartikulerte romanane fra "gamle" dagar. Språket er så mykje meir fortetta og galant. Eg likte sjølvsagt boka.

Da kan eg krysse enda ein klassikar frå lista. No skal eg få tak i filmen. Anbefalast.

1 kommentarer:

Anonym sa...

Denne burde jeg ha lest om igjen, kjenner jeg.