RSS

Magda


Bergljot K. Nordal: Magda, 185 sider. Samlaget

Eg veit ikkje heilt kva det er med meg og min fascinasjon for gamle damer, men eg finn altså desse bøkene særs interessante. Magda er ei 77 år gammal dame og ho har nyst mista mannen sin, Bodvar. Heldigvis har ho bestevenninna si, Rut, til å hjelpe seg gjennom kvardagen. Men Magda greier seg faktisk overraskande bra og planlegg endatil ein tur til Berlin.

Joggeskoa sit godt rundt foten. Buksa sit godt rundt baken. Magda knepper opp dei øverste knappane i blusa og smiler. Guten tag, tenker ho, und auf wiedersehen.


Dette er debutboka til Nordal, og eg likte boka veldig godt! Det er pussig, men denne boka har gjort eit stort inntrykk på meg, for eg har tenkt kjempemykje på ho i løpet av desse dagane. Eg har sete på spinningsykkelen og tenkt på Magda. Eg har leika med ungane mine medan tankane mine har fokusert på Bodvar, og eg har vore på jobb og fundert over Rut. Eg har gått rundt og venta på å få ei ledig stund til å lese meir, og sjølv om eg lånte boka på biblioteket så gjekk eg faktisk hen og kjøpte ho da eg var komen halvvegs i handlinga. Eg berre må ha denne boka i samlinga mi slik at eg kan ta ho fram og bla i ho når eg vil.

Eg er heilt galen etter desse daglegdagse romanane som tilsynelatande handlar om ingenting. Dei gjer jo for så vidt det, men likevel ligg det så mykje meir under overflata. Det er ein del av livet. Magda tek opp fleire interessante tema, og eg skifta mellom å bli glad, sint og oppgitt gjennom heile boka. Nordal skriv fint, skildrar på ein enkel måte og gjer at eg stadig må humre for meg sjølv.

Eg synest absolutt at Magda fortener ein plass på leselysta dykkar.

Med det same eg har dykk her, kom eg på at eg har lese ei anna bok denne veka:


Aina Basso: Fange 59. Taterpige, Samlaget

Eg har levert attende boka og hugsar ikkje sidetal, men det var rundt 250 om eg ikkje hugsar feil. Basso skriv framleis lyrisk og vakkert. Eg blei så opptatt av språket at eg nesten gløymde å følgje med på forteljinga. Men berre nesten. Det var ei fin bok. Etter siste setninga sat eg med gråten i halsen.

Eg sit her med farge i håret og ser til mi forskrekking at han skulle ha vore utvaska for minst ti minutt sidan. Eg må springe. Hjelp.

0 kommentarer: