RSS

Før jeg brenner ned

Den nye skulebibliotekaren vår har bestilt inn masse nye bøker, så mange at eg kjenner eg blir heilt sveitt av tanken på kor travelt eg får det den neste månaden. No er det berre ein ussel dag att av fridommen, så er det skriving og kreativitet heilt fram til advent. Hjelp! Skal det plutselig bli jul før eg kjem ut av skriveskalet mitt? Heldigvis (det høyrest nesten ut som om eg blir tvinga inn i situasjonen) blir arbeidsdagen fri for skriving (og no har eg ut av det blå blitt min eigen fiende), og nokolunde normal. Eg gler meg vanvittig til å kome i gong, men får samstundes småangst av tanken på å skulle prøve å produsere noko i det heile. Jaja, det er ikkje verdas undergang. Kvantitet framfor kvalitet. Det skal eg nok greie!

Gaute Heivoll: Før jeg brenner ned, 303 sider.

Novel, ei av dei nye bøkene skulebibliotekaren har skaffa, er Gaute Heivoll si Før jeg brenner ned. Eit grøss av ein roman. Boka handlar om pyromanen som herja i Finsland utanfor Kristiansand i 1978. Heivoll tek utgangspunkt i denne hendinga, og byggjer opp ei vedvarande spenning rundt dette temaet. Han intervjuar fleire som fekk kjenne flammane på nært hald, og det som er ekstra spesielt, er at Heivoll sjølv er ein del av denne historia. Sommaren 1978 var Heivoll nyfødd og budde saman med mor og far sin i den lille bygda Finsland.

Lesaren får avslørt pyromanen tidleg i boka, men det øydelegg ikkje spenninga av den grunn. Dei andre bebuarane lever i frykt og byter på å sitje vakt om natta, uvitande om at pyromanen er ein av dei. Heivoll er eg-personen i boka, noko som forsterkar nærleiken til historia. I tillegg til at dette er ei sann historie, sjølvsagt. Han skriv ikkje berre om flammane i 1978, men flettar inn bitar av andre historier. Han fortel om enkelthendingar frå barndommen, om då han og faren var på jakt, sorga farmora kjende då farfaren gjekk bort, kor meiningslaust alt kjendest då hans eigen far gjekk bort, frustrasjonen over å ikkje vite kva han ville bli, frustrasjonen over å vite kva han ville bli. Han fortel om den vesle guten som var så glad i faren sin. Den voksne sonen som måtte sjå sin eigen far døy, litt meir for kvar dag som gjekk. Til det berre var han sjølv og mora som stod attende. Han fortel også historia til dei andre bebuarane. Fine kjensler. Det vekker redsle og gir tiltru.

Heivoll fortel mange historier, også om korleis denne blei til. Han tek i bruk eit stemningsskapande språk, og har ei framifrå forteljarstemme. Eg kjenner at eg får den same driven i meg til å "må berre lese litt meir" som Knausgård lokkar fram. Det er noko med å invitere lesaren inn i si eiga verd, å dele personlege minner. Skumle, vakre og triste minner, men også minner som er uforståelege både for lesar og forfattar.

Eg gjentek: Før jeg brenner ned er verkeleg grøssande god. Rett og slett! Eg tør å påstå at denne boka er for alle. Anbefalast varmt. Brennheitt.

ps. I dag er det forsyne meg eit heilt år sidan eg begynte å bokblogge.
pps. Hurra for meg!

0 kommentarer: