RSS

Potensgiverne

Karin Brunk Holmqvist: Potensgiverne, 239 sider. Silke.

Potensgiverne handlar om Tilda og Elida, to ugifte søstre på 72 og 79 år, som framleis bur i barndomsheimen sin. Ein dag blir nabohuset selt, og forretningsmannen Alvar kjem som eit friskt pust inn i liva deira. Dagane blir med eitt litt meir spanande og søstrene unnar seg luksus dei elles ikkje ville ha drøymt om; noko sterkt til kaffien, ein ny søndagskjole. Dei begynner til og med å leike med tanken om å skaffe seg innandørs vannklosett. Søstrene har sin eigen ide om korleis dei skal greie å skaffe pengar til dette: Dei sel potensmiddel på postordre.

Språket i boka er heilt greitt, men ikkje det heilt store. Eg føler ikkje at boka tek av, og før noko særleg eigentleg har skjedd så har sistesida blitt bladd om. Det blir gjort forsøk på å skildre eit nært forhold mellom søstrene, men eg synest ikkje boka gir uttrykk for anna enn eit rutinemessig og lunkent venskap. Eg kjem liksom aldri i djupna på søstrene, og blei meir fengja av bihistoria om bror deira. Eg saknar ei meir kjenslemessig skildring. Meir lidenskap. Forteljinga ligg liksom og flyt på overflata utan å feste tak.

Eg synest ikkje denne boka var så morosam som mange skal ha det til. Det var heilt grei underhaldning. Verken meir eller mindre.

1 kommentarer:

ellikken sa...

Har lest denne nå i jula og er slettes ikke begeistret. Dårlig språk, overdreven adjektivbruk og voldsom publikumsfrieri ved å stadig referere til dagligdagse morsomheter. forstår ikke populariteten til denne romanen, virkelig ikke.