RSS

Primtallenes ensomhet

Paolo Giordano: Primtallenes ensomhet, 286 sider. Bazar


Eg var andrekvinne ut til å lese boka vi valde ut til å bli neste månads lesesirkel-snakkis. Ei fornøyeleg bok frå ein ung italiensk debutant. Boka ropte visstnok så høgt då ho eine i lesesirkelen var på vindaugshandling, at ho såg seg nøydd til å kjøpe ho. Og det er eg glad for, for det er ei god bok.

Noen mennesker er som primtall: De er delelige bare med én og seg selv.

Primtallenes ensomhet tek for seg jamngamle Alice og Mattia. Alice er halt etter ei skiulukke som born, og Mattia har ei psykisk utviklingshemma tvillingsøster som forsvinn sporlaust medan Mattia har ansvaret for ho. Alice og Mattia føler seg annleis enn alle andre og kjenner att denne kjensla hos kvarandre.

Vi får følgje små utdrag av Alice og Mattia frå dei er born og fram til dei er vaksne. Vala dei tek, sjansane dei forkastar og korleis desse småbitane påverkar liva deira. Saman og kvar for seg. Mattia si matematiske interesse snirklar seg inni heilskapen og slepp frå seg små dryss som skildrar hovudpersonane sin distanse, til kvarandre og til omverda. Det verkar logisk, sjølv for ein mattehatar som meg.

Boka er svært velskrive og forfattaren tek i bruk eit språk fullt av poesi og bilete. Det er rett og slett nydeleg. Anbefalast!

0 kommentarer: