RSS

Thomas F`s siste nedtegnelser til almenheten

Jada jada, eg veit eg skulle la bøker vere bøker i november, og konsentrere meg fullt ut om skrivinga. Men eg er da berre eit menneske. For å produsere må ein ha innputt, og kva er vel betre enn litterær føde? Skrivinga går dessutan overraskande bra (bra som i at eg skriv altså. Innhaldet er ei heilt anna sak), og dersom alt går etter planen skal eg runde 11 000 ord innan utgangen av søndag.


Kjell Askildsen: Thomas F`s siste nedtegnelser til almenheten, 92 sider

Eg har høyrt mykje fint om denne boka, og var snar å gripe ho da eg fann ho på Fretex for eit par veker sidan. Askildsen mottok blant anna Kritikerprisen for ho i 1983, og i 2006 kåra Dagbladet ho til beste bok dei siste 25 åra .

Boka inneheld to noveller. Første novella handlar om forholdet mellom ein mann og ein politietterforskar, og tittelnovella tek for seg tek ein gammal mann som ikkje ser ut til å finne seg til rette. Sjølv synest eg det var best å ikkje vite så mykje om denne boka, difor vil eg ikkje avsløre så mykje. Det er ei roleg og fin atmosfære over novellene. Eg fekk kjensla av å vere ei fluge på veggen. Å få ta del i noko stort.

Askildsen har eit kraftfullt språk. Han tek i bruk knappe setningar, for det meste dialogar, for å kaste lys over karakterane. Novellene er gjennomsyra av ironi, og detaljar verkar å ha stor betyding. Kort fortald.

Det er ei vakker og stillferdig bok. Anbefalast!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hey! Det er min favorittbok jo! :) Moro at du likte den! Har ikke vært inne på bloggen din på en stund, eller på noen andres for den saks skyld.. så jeg er ikke så oppdatert for tiden. Så hva skriver du på? Noe gøy? Jeg har droppet bloggingen en stund,siden masterstudier, undervisning og mammarollen tar mer tid enn det er timer i døgnet. Koselig å lese bloggen din igjen, og tilfeldigvis akkurat når du hadde lest akkurat MIN favorittbok. Det var nesten litt vittig :)Håper du har det helt strålende hva enn for slags prosjekt du driver med for tiden :)Klem

annkolaas sa...

Heisann! Jeg er med i National Novel Writing Month, NaNoWriMo. Folk fra hele verden skriver en roman på minst 50.000 ord i november. Det er kvantitet, og ikke kvalitet, som teller - så jeg prøver å få i gang skrivekløa mi. Og det var ikke så vanskelig som jeg trodde;)

Romanen min skulle i utgangspunktet være moro og stillferdig, men fortellerstemmen min er visst litt enklere enn jeg planla. Det ser ut til å bli en ungdomsroman - blir til mens jeg skriver. Men det er kjekt! Ja, jeg husker at du likte boka. Den var veldig fin. Høres ut som du har mye å gjøre ja. Masse lykke til!!