RSS

Mann går inn i et rom


Nicole Krauss: Mann går inn i et rom, 315 sider

Kva er eit menneske når det har mista alle minner frå sitt vaksne liv? Samson Greene er 36 år og har nettopp gått gjennom ein vellukka operasjon for svulst på hjerna. Det vil seie, han er friskmeld, men alle minner frå dei siste 24 åra av livet har forsvunne. Alt etter det er vekk. Tomt. Svart. Han kjenner ikkje att kona si, hunden, venner eller kollegar. Bilete og gjenstandar vekker ikkje eit einaste minne hos Samson. Tida fram til han er tolv år har han derimot friskt i minne.

Samson kjenner seg som ein inntrengar i sitt eige ekteskap, ein fremmed i sitt eige liv. Kona hans prøver forgjeves å lokke fram hugsen hans, men verken bilete eller gjenstandar vekker minne hos personen ho gifta seg med. Ei natt blir Samson oppringt av ein mann som vil ha han med på eit vitskapeleg prosjekt. Samson reiser. Kva har han å tape? Han har allereie mista seg sjølv.

Mann går inn i et rom kom ut i 2002, og blei blant anna kåra til årets beste bok av Los Angeles Time. Eg var overbegeistra for Kjærlighetens historie, og kasta meg over denne med det same eg såg boka sto vekkgøymt i ei hylle hos skulebiblioteket. Tru om eg er den første som lånar ho? Nicole Krauss har hos meg blitt ein av dei forfattarane som ikkje treng vidare introduksjon av bøkene sine. Dei truverdige. Gode. Ser eg noko desse forfattarane har skrive, les eg det. Fordi eg veit.

Krauss er seg sjølv lik i språket. Stillferdig, vakkert og spelar på lag med lesaren. Teksten gir så mykje, både i handling og i bilete. Hovudpersonen tek opp viktige spørsmål, somme med svar, andre utan. Sånn er livet. Ho leikar ikkje så mykje med verkemiddel denne gongen, det går jamt framover, men nokre sidevegar tek ho seg sjølvsagt tid til.

Eg treng vel ikkje seie det opplagte; Boka er veldig bra. Eg synest Kjærlighetens historie er hakket betre, men det er berre positivt, for Mann går inn i et rom er debutromanen hennar. Tenk kva vi kan forvente neste gong. Nicole Krauss fortener absolutt merksemda vår. Ein god start på leseåret. Anbefalast!

6 kommentarer:

Janicke sa...

Jeg likte denne kjempegodt!! Forstyrrende lesning - tenk hvordan det må være... Enig, en forfatter vi vil høre mer fra!!

Bai sa...

Eg har Kjærlighetens historie liggjande ganske høgt oppe i stabelen med bøker eg skal lese, og eg gleder meg til å bli kjent med Krauss. Endå meir, etter å ha lese dette innlegget.

annkolaas sa...

Kjekt å høre! Ja, både Krauss og ektemannen er knakende gode:)

Anonym sa...

Denne gleder jeg meg også veldig til å lese! Ja takk til mer fra forfatterparet.

ingeborg sa...

Har nettopp lest denne for andre gang, som en del av en særoppgave om hukommelse og identitet. ei veldig god bok, men jeg likte også kjærlighetens historie (favorittbok!) bedre. great house anbefales også, men den har du kanskje allerede lest (:

annkolaas sa...

Eg har sjølvsagt også Kjærlighetens historie som favoritt og har (heldigvis) enno The Great House til gode. Gler meg vilt!