RSS

Sånn kan det gå

I dag pakka eg i hop mannen og borna, og dro av garde til byen for endeleg å sende bestillinga av (den ferdigteikna) Kvik-innreiinga til vaskerommet. Først måtte vi innom biblioteket og låne denne til minstemann.



Han har Haustvrimleboka, Sommarvrimleboka og Nattvrimleboka frå før, men elskar desse bøkene og kravde at vi lånte denne i dag. Han lurte på om vi ikkje berre kunne låne boka, og skrive namnet hans på slik at han kunne eige ho. Kva som gjer han så galen etter Vrimlebøkene, kan du lese meir om her.

Sidan eg er spesielt ute etter noveller i år, plukka eg med desse novellesamlingane:







og så denne romanen, som eg meinar på å ha lese mykje fint om:



Eg hadde dårleg tid og tok det eg såg av novellesamlingar, så sei gjerne frå om eg burde levere attende prompte.

Så var det gjort, og lillebror (og eg) var fornøgd. Deretter var vi ein snartur innom kjøpesenteret for å handle inn litt babyklede til ein nyfødd liten krabat, og der var det salg i bokhandelen. Eg fann desse bøkene, innbundne til berre 69 kroner:







No skal eg omsider stifte nærmare kjennskap til Alice Munro, novellesamling det også. To fluger i ein smekk, tre faktisk sidan La stå! er av same slaget - og endatil ei eg lenge har ønskt å lese. Elles blir det ein klassikar, på norsk altså, eg fann ikkje bilete av det riktige omslaget på verdensveven - som eg sjølvsagt har teke alle bileta frå. Typisk meg.

Og Kvik-innreinga? Jauda, vi var innom, men fekk beskjed om at dei ikkje ekspederar kundar laurdagar. Sånn kan det gå.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Vrimlebøkene så veldig artige ut, tror jeg må prøve ut en av de på mine yngste. Snart treåringen likte Se og Si-boka veldig godt tidligere, og både hun og eldste er glad i Finn Willy-bøkene, og som det også er mulig å spinne litt historier ut av.

Takk for tips!

annkolaas sa...

Vær så god! Ja, Vrimlebøkene er helt fantastiske. Han vekket meg i dag tidlig for "å lese til meg", og er helt i hundre. Hun på snart seks synes faktisk også de er spennende. De kan leses av barna selv og det er alltid nye oppdagelser. Kari Grossmann-bøkene er også kjempegode.

Anonym sa...

For en flink sønn du har som allerede skjønner at bøker og lesebehov må prioriteres HØYT! Jeg har ikke lest noen av novellesamlingene, men samboeren min synes Karine Nyborg sin er veldig god. Jeg synes å huske at den ble anmeldt et sted som "et lærebokeksempel i novelleskriving", eller noe sånt. Ikke verst for en debutant. "La stå!" har jeg også hørt mye pent om. Så jeg tror ikke det var noen bomtur i bokhandelen/biblioteket:-)

annkolaas sa...

Ja, heldigvis har vi lykkes med den siden av oppdragelsen;) Jeg leste også det samme om Nyborg, det var derfor jeg bet meg merke i den. La stå! har jeg lenge hatt lyst til å lese. Gleder meg til å ta fatt:)