RSS

Tragikomisk


Jonas Gardell: En komikers oppvekst, 242 sider

Jonas Gardell er for dei fleste kanskje mest kjend som ein svensk artist og komiker, men han har også skrive fleire romanar - og han skriv godt.

Dette er første del av ein trilogi. Denne boka tek for seg barneskuletrinnet, medan dei to andre bøkene set fokus på ungdomsskulen (En ufo gjør entré) og overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande (Jenny). En komikers oppvekst tek for seg barndommen til Juha Lindström, som bur i den lille forstaden Sävbyholm i Sverige. No er Juha ein vaksen mann, ein nokså berømt komikar, som stadig ser seg attende. Han reiser rundt med showet sitt, som vi får små innblikk i. Hovudforteljinga er det sjetteklassingen Juha som har. Juha bur saman med far, mor og lillesøster Marianne. Han er ikkje spesielt populær, og kompenserer med å vere klovnen i klassa.

Juha sine foreldre valde å flytte frå store, travle Stockholm for å gi borna ein trygg og harmonisk oppvekst i lille Sävbyholm. På ein liten stad er det vanskelegare å gøyme seg, og verst får dei det som ikkje følgjer straumen. Nabojenta Jenny har umoderne klede og stygg hårfrisyre, noko som gjer ho til eit ynda offer. Thomas, ein annan gut i klassa, har tysk mor, og blir hardare råka enn Jenny. Thomas og Jenny er dei beste vennene Juha har, likevel sviktar han dei til fordel for dei andre i klassa. Gong på gong. Popularitet er viktigare enn vennskap, og maska sit godt. Den vaksne Juha let derimot maska falle, og skriv fleire brev til Thomas. I breva kjem det fram kor stor plass barndommen framleis har i livet hans, og kor mykje han angrar på at han aldri forsvarte han.

Det er ei sterk bok. Ho spelar på fleire element, men det er det sårbare temaet mobbing som tek hovudfokuset. Barn kan vere grusomme mot kvarandre, og nokon kjem seg dessverre aldri vidare. Både mobbar og offer. Eg visste ikkje at det var ein trilogi før eg gugla boka i dag, og eg skal definitivt lese dei to andre bøkene.

God bok!

2 kommentarer:

Ingaplinga sa...

denne skal e også lese!
takk for at du gir m mange gode idea på bøke, e e jo en typisk krimperson og d e jo kje du! hihihi

vi hadde forresten nygiv møte i dag, og tror d blir lagt opp til at vi skal samarbeide meir m oss og dåkke i vgs til neste år, utenom dei regionalesamlingane. tjo-ho!

annkolaas sa...

Takk det samme! Høres spennende ut:)