RSS

Alt som er


Brit Bildøen: Alt som er, 279 sider

Eg er glad eg ikkje gjorde meg vanskeleg. Ikkje at det var noko umiddelbar fare for det, eigentleg. Å, for ei vakker bok. Og ja, det er akkurat sånne bøker eg elskar. Val, kjærleik, anger, kjensler, alt det der klisset. Eg trykkjer det til brystet og les til eg ikkje greier å ta til seg meir. Det rommar mykje, hjartet mitt.

Alt som er handlar om ein familie i tre generasjonar. Lluis, Mariann sin spanske morfar, forlot kvinna han elska i Marokko for å gifte seg med ei han var lova vekk til. Maria, mor til Mariann, følgde hjartet sitt og flytta til Noreg saman med mannen ho elska. Er kjærleiken sterkare enn saknet etter heimlandet? Når Mariann treffer Endre, er det som om tid og stad sluttar å eksistere. Det er berre dei to. Likevel ser det ikkje ut til å vere nok. Kan lengt aleine halde to elskande saman? Kva vel Mariann og kva vel Endre? Korleis vil desse vala prege livet deira?

Bildøen skriv vakkert og poetisk om sakn og togn. I boka tek ho for seg alt som er, og alt som ikkje fekk vere, og samlar det i den gamle tømmervillaen til familien Storm-Eriksen. Der står eit rom som blei til overs, fylt opp av løyndommar og sanningar om familiemedlemmane.

Ei nydeleg bok. Anbefalast.

2 kommentarer:

ellikken sa...

Denne virker å være midt i blinken for undertegnede... Boken er herved ført opp på min ønsker-å-lese-liste. Takk for tips og fin-fin omtale :)

Janicke sa...

Jeg gleder meg til å lese denne!!