RSS

Isdronningen


Alice Hoffman: Isdronningen, 175 sider

No har eg store planar om å komme på Alice Hoffman-kjøret. Sist las eg berre to, og ville med vilje spare godane til seinare. Men dama har jo skrive fleirfaldige bøker, så no tenkjer eg det er på tide å rasjonere ut litt. Denne gongen lånte eg tre (men eg var nesten fysisk nøydd å drage tre-fire til ut av hendene mine da eg var hos biblioteket - ein har da tv-seriar å følgje med på også), og begynte altså med Isdronningen.

Handlinga går føre seg i USA. Stemninga er heitt, og det er varmt og klamt. Som det oftast er i Hoffman sine bøker. Isdronningen opnar med at boka sin åtte år gamle forteljar ropar i sinne mot mor si at ho ønsker ho aldri meir får sjå ho. At ho håpar ho skal forvinne. Like etter døyr mor hennar i ei bilulukke. Ho og broren veks opp hos bestemora. Forteljaren bestemmer seg for aldri meir å ønske noko. Aldri meir la noko eller nokon komme innpå ho. Ho blir stille, held inne orda, held ute menneska. Ho blir ei isdronning.

Når bestemora døyr flyttar forteljaren til Florida, der broren og svigerinna bur. Broren hennar er meteorolog og forskar på menneske som har blitt truffe av lynet. Ein dag blir ho sjølv truffe av lynet, men overlever, og blir kjend med den mystiske Lazarus Jones - ein legendarisk mann som var død i 40 minutter etter å ha blitt truffe av lynet. Kaldt møter varmt, og medisinske forklaringar kan ikkje gjere greie for dei mystiske tinga som skjer.

Hoffman er kjend for sin magiske realisme, og denne gongen spinner ho forteljinga rundt eventyr og myte. Ho er særs oppteken av Brødrene Grimm, og filosoferar om liv og død, tanke og handling. Eg likte boka godt, og hugsar attende til min eigen barndom der eg og bror min sat på fanget til morfar, som las høgt frå Brødrene Grimm. Ganske bestialske eventyr for små born.

Dei neste bøkene eg skal kaste meg over, er Skilpaddemåne og Lykkens datter, men før det skal eg prøve meg på Brit Bildøen si Alt som er. Akkurat mi type bok, ifølgje ein kollega av meg. Eg skal ikkje gjere meg vanskeleg, og tek sjølvsagt oppmodinga på strak arm.

Men i alle fall, Isdronningen anbefalast.

1 kommentarer:

Ingalill. sa...

Jeg hadde et prosjekt for 2010, der jeg skulle lese alle voksenromanen
, jeg har ennå ikke kommet lenger enn 13/22. Jeg skal fremdeles lese alle, men må innrømme at lufta er ute av ballongen.

De nyeste stod ikke (helt) til forventningene og de gamle var ikke like gode som jeg husket.
Skal følge med her og la meg inspirere.