RSS

Kom aldri nærmere


Sondre Midthun: Kom aldri nærmere, 230 sider

For eit par veker sidan var eg så heldig å vinne ei bok hos Bokelskerinnen. Etter å ha høyrt mykje fint, valde eg denne boka. Eg valde riktig. Dette er ei kjenslemessig bombe av ei bok. Allereie frå første side blir vi kasta rett inn i ei grufull hending, noko som legg føringa for resten av historia. Ein familie på tre er på hytta. Mor, far og guten deira. Familiehunden Eyolf er med. Han har vore med så lenge guten kan hugse, følgjer han overalt. Det er alltid dei to. Far fiskar, men får ikkje napp. I reint sinne, druknar far Eyolf og eit mørkt kapittel begynner.

Da farten gradvis avtok, og far irritert svingte bilen ut i veikanten, forsto jeg at han hadde fått med seg det jeg også hadde hørt, lyden av det tomme hundeburet som gled frem og tilbake i bagasjerommet.

Det er guten som har forteljarstemma. Faren sin motstridande åtferd ligg som eit bakteppe i alt guten foretek seg. Alt han gjer og ikkje gjer, korleis vil far reagere? Er far i dårleg humør, må han legge til sides eigne augneblinkar av nyvunnen lykke. Mor har trukke seg attende. Ho går meir og meir inn i seg sjølv. Som ein skugge er ho berre til stades. Redd for å gjere feil, gjere det verre. Lengten etter Eyolf gjer det også vanskeleg. Det openberre tomrommet alle lid under, men ingen nemner. Guten har eit anstrengt forhold til far. Han vekslar mellom å vere pappa og kamerat, uberekneleg og lunefull.

- Dette blir mellom oss, ikke sant, sa far, halvveis spørrende. usikkerheten i stemmen hans overrasket meg, vanligvis var det ikke forespørsler, men befalinger bak hemmelighetene våre. - Så klart, svarte jeg.

Guten tør ikkje å fortelje kva som foregår heime. Bestevennen Gustav trur Eyolf er sjuk, at han difor aldri er med dei på tur. Ein dag fortel Gustav at han skal få sin eigen hund.

Hver dag våknet jeg med frykten om at dette var dagen Gustav skulle få hunden foreldrene hadde lovet ham. Denne redselen ble det jeg forbandt med å være sammen med ham. Fra øyeblikket vi avtalte å finne på noe, og frem til vi møttes, var det bare hunden jeg tenkte på.

Midthun har skrive ei veldig fin bok. Kom aldri nærmere går langt under huda på meg. Eg kan kjenne redselen byggje seg opp, angsten for fars reaksjon. Eg synest han skriv svært bra. Guten si frykt og ønsket om anerkjenning er rørande lesing. Karakterane er sårbare og truverdige. Eg kan nesten ikkje tru at dette er ein debutroman. Anten har han gjort det svært vanskeleg for seg sjølv, eller så har han store ting i vente. Eg vel å tru det sistnemnde og begynner allereie å gle meg.

Anbefalast!

2 kommentarer:

linesbibliotek sa...

Fin anmeldelse! Jeg gleder meg til å lese boken.

aariho sa...

Satte boka på lista mi nå. (Leverer liste til bibliotekaren med jevne mellomrom, så jeg alltid har mange bøker å velge mellom!)