RSS

Stillstand


Agnes Ravatn, Stillstand, 126 sider

Og eg som synest Folkelesnad var morosam! Denne dama er så vittig at eg veit ikkje kva. Stillstand tek for seg relativt stilleståande stader og situasjonar. Ekstra artig er det at ho i første kapitlet har tatt turen til Ålesund. Ho sit på ein kafé i Kongens gate og observerar dei andre gjestane. Eg kjenner ein umiddelbar misnøye over at eg alltid går på kafé i andre sida av sentrum, men trøystar meg med at eg kanskje er ein av dei forbipasserande. Eg ler meg i hel av alt ho skriv, og er sjølvsagt rasande misunneleg på formidlingsevna. Ho skriv om alt det vi andre (for det er vel ikkje berre eg, og ho da?) tenkjer, men ikkje greier å feste på arket.

Ravatn søkjer blant anna innsikt i eit kloster, forsøker å finne humoren i Rorbua i Tromsø (men må i staden for vitsar, høyre på mørke detaljar frå livet som soldat i Afghanistan), let seg underhalde i tingretten i Oslo og kranglar med kioskdama på toget. Ho evnar å lage dei mest fantastiske situasjonar ut av heilt alminnelege ting. Eg kan ikkje få sagt det ofte nok: Det er ubeskriveleg og hysterisk morosamt. Eg gjentek: Ubeskriveleg og hysterisk morosamt. Les.

Eigentleg er treningsmotivasjonen influert av at eg såg Max Manus på kino, og gjekk ut av salen med ei kjensle av skam over å ikkje vere krigshelt. Eg tenkte at eit minstekrav eg bør stille til meg sjølv, er å vere i såpass god form at eg kan ta på meg å utføre ein velretta sabotasjeaksjon når situasjonen krev det, og flykte på ski i nokre dagar etterpå.

Anbefalast. Ravatn til folket!

2 kommentarer:

Ingrid Svennevig Hagen sa...

Helt enig! Hun er helt fantastisk!

Knirk sa...

Å så morsomt! Denne boka har jeg stående i hylla - kanskje på tide å ta den ned! God jul!