RSS

Meg eier ingen


Åsa Linderbord: Meg eier ingen, 275 sider

Du veit den kjensla du har før du har lese ei mykje omtalt bok? Du ser på bokomslaget og har forventingar, håp. Kanskje har du høyrt eitt og anna om kva ho handlar om, kor bra ho er - men du veit det eigentleg ikkje før du har lese ho sjølv. Av og til er det motsett. Du høyrer fantastiske ting, gler deg vilt til å ta del i det, drøyme deg fullstendig vekk i lesinga. Og så er boka alt anna enn bra. Bokomslaget blir redusert til eit irritasjonsmoment. Eit hån. Ein spottande løgn som lova deg ei draumeverd. Ler til deg frå bokhylla. Om du ikkje har kasta boka da. Du gir som regel ikkje vekk ei sånn bok. Ikkje utan ei åtvaring. Av og til skjer det noko uventa. Du plukkar opp ei ukjend bok. Har aldri høyrt om ho, men tek ho likevel. Det berre kjennest rett. Du les ho og ho er eventyrleg. Kvifor har du ikkje høyrt noko om denne? Veit ikkje folk om ho?

Meg eier ingen har folk høyrt om. Eg hadde høyrt om ho. Ho lyste mot meg på ein loppemarknad. Klart ho skulle bli med heim. Denne hadde eg høge forventingar om. Så gjekk det ein månad. Og ein til. Og enda ein. No er det snart eit år sidan, og endeleg.. Eg visste ho var bra. Bokomslaget er det same. Ingen løgn. Men no har eg ei heilt anna kjensle når eg ser på det. Ein klump i halsen som veks, minner som trengjer seg fram. Det er ikkje mine minner, men likevel. Det er fine minner. Sjølv om det er trist, er det likevel fint. Fordi dei elska kvarandre.

Åsa Linderborg har skrive ei nydeleg bok om pappaen sin. Mor hennar flytta ut da Åsa var fire år gammal. Attende sit ein sønderknust far, og ei dotter som snart venner seg til at det berre er ho og pappa. Ein pappa som er styrt av alkohol, men som likevel forsøker å gi dottera ei god oppseding. Han skuldar pengar til heile slekta, og dei et som regel middag heime hos farfar og farmor. Åsa må ofte vente aleine i mørkret utanfor barnehagen, fordi han set ho av der. Det kjem snart nokon likevel, og han på arbeid. Han er trass alt Sveriges herdermester. Av og til må ho vere med på nattevakt. Da syklar dei fram og tilbake midt på natta. Han ber ho om ikkje å seie noko til farfar. Det gjer Åsa aldri.

Åsa Linderborg fortel om pappaen sin. Ho fortel om dei kraftige hendene hans, korleis han tøysa for å få ho til å le. Kor glad ho er i han, og han i ho. Det er ei nydeleg historie om ein djup kjærleik mellom ein far og ei dotter. Det har alltid vore dei to. Faren hennar gjer sitt beste, men det er likevel ikkje nok. Alkoholen sitt grep er sterkare, og Åsa begynner etterkvart å kjenne skammen på kroppen. Dei kraftige hendene hans verkar mindre for kvar gong ho ser han, stova heime er ikkje så fin som ho hugsar. Faren skjønar så altfor godt. Det er sårbart å lese.

Eg tenkjer på boka som Åsa si siste kjærleikserklæring til pappaen sin. Og det er nydeleg. Ser du på omslaget kor glad dei er i kvarandre. Kjenner du klumpen i halsen?

Anbefalast varmt!

En svunnen tid


Kate Morton: En svunnen tid, 624 sider

Når Edie Burchills mor mottar et femti år gammelt brev fra Milderhurst slott - og ikke vil fortelle hva som står i det, begynner Edie å mistenke at hun skjuler en gammel hemmelighet. Hun bestemmer seg for å etterforske morens fortid. Edie og moren har et anstrengt forhold, og Edie håper at oppdagelsene kanskje kan belyse hvorfor.

I likhet med Mortons tidligere romaner, er En svunnen tid delt inn i parallelle historier, nåtid og fortid, som sakte nøstes opp ved å hoppe frem og tilbake i tid, fra person til person. Ved å grave i fortiden, oppdager Edie at moren ble evakuert fra London til slottet Midlerhurst under andre verdenskrig. Her bodde hun sammen med tre søstre i over 18 måneder. Søstrenes far, Raymond Blythe, forfatteren av Den sanne fortellingen om Muddermannen, bodde også på slottet. Dette var Edies absolutte yndlingsbok som barn, så hun kan ikke skjønne hvorfor moren har unnlatt å fortelle dette. Dess dypere Edie går, dess flere hemmeligheter oppdager hun. Tilfeldighetene ser bare ut til å øke, og Edie kan ikke lenger unngå sannheten. Noe fryktelig hendte på slottet, og moren hennes var involvert.

Jeg er fan av Kate Morton, og har ventet på hennes tredje bok helt siden den kom på engelsk i fjor, og hvorfor leser jeg den ikke bare på engelsk? Nei.. Derfor. Jeg gjør det til nøds, men leser helst på norsk. Barnslig jada. Det er ikke mangel på lektyre her i gården, så jeg greier å vente til den norske utgaven. Men i alle fall. Boken kom omsider på norsk, og lest ble den. Jeg synes ikke boken var like god som de to forrige, men for all del; den er mer enn bra nok. Morton behersker fortellerkunsten, og En svunnen tid inneholder alle de eventyrlige ingrediensene: Et overgrodd slott, tvillinger, hemmeligheter, myter, tapt kjærlighet, mystikk - og kanskje det viktigste; En link fra nåtiden som kan vise vei inn i det forgagne. Det er svært spennende!

En svunnen tid er det vi så populært kaller en real page turner, og det er vel ikke så gærent en gang i blant, er det vel?

Anbefales.

22 og 23/52



Her kjem det to til. Og ja da, tida flyg og alt det der, dette har vi vore gjennom før. Så eg går rett på sak. I dag tenkjer eg å ta føre meg to noveller som gjorde sterkt uttrykk på meg i ungdomsåra. No har eg ikkje bøkene novellene er henta frå, så eg veit ikkje kor tid dei er utgjevne eller frå kva samling dei er henta frå. Eg har berre minnet til hjelp.

22/52 Stig Dagerman: "Att døda ett barn"

Dette er ei grusom, grusom novelle. Kort, kraftfull og svært kjensleladd. Ei mor baker. Eit born leikar og ein sjåfør køyrer i nabobyen. Allereie i tittelen anar vi det fatale som kjem til å skje. Vi får også fleire frampeik i teksten. Mora oppdagar at ho manglar sukker, og sender bornet sitt over vegen for å låne sukker av naboen. Samstundes er sjåføren på veg til denne byen. Miljøet er skildra på ein avslappa og lykkeleg måte, noko som får motsett verknad på lesaren - som grur seg til det uunngåelege. Bornet over vegen, bilen nærmar seg, mor ventar. Handlingsforløpet er separat heilt til det dramatiske gjer at alle samlast om ein felles lagnad.

Ei forferdeleg novelle med eit sterkt tema. Kor fort idyllen kan snu, kor tilfeldig alt kan vere. Vi får oppleve det frå alle sider; mora som mister sonen sin, sonen som mister livet og sjåføren som blir den uheldige skuldige. Dette er skikkeleg opprivande lesing.

23/52 Kerstin Anine Johnsen: "Heim, kjære heim"

Denne måtte eg ringe ein kollega for å finne namn på tittel og forfattar, for eg hugsar ikkje anna enn handlinga - og google var ikkje store hjelpa. Dette handlar om ei tenåringsjente som er på veg heimatt ein kveld. Novella teller jamnleg ned til overgrepet: "Om 28 minutt vert jenta valdteken", noko som innlemmar lesaren i kva som vil skje med jenta. Vi sit med hjartet i halsen, og håpar at jenta skal få skyss heim. Jenta ser seg stadig attende, føler at nokon er bak ho. Novella teller stadig ned: "Om 19 minutt vert jenta valdteken". Til slutt kjem ho seg trygt heim til faren, opnar ytterdøra og vi får eit siste frampeik: "Om 1 minutt vert jenta valdteken". Dette er også ei fæl novelle, og tittelen seier sitt.

Eg er veldig fan av noveller med frampeik i ein eller annan slags form. Desse er inkje unntak!

Nu, jävlar!


Heidi Linde: Nu, jävlar!, 397 sider

For dei av dykk som følgjer med bloggen min, kan det kanskje vere interessant å vite at dette er akkurat den type bok eg likar. Ok, elskar. Eg diggar denne boka. Høyr berre her;

Heidi Linde er utdanna manusforfattar, og eg kan absolutt sjå for meg Nu, jävlar! som ein film; Boka innleiast med at politiførstebetjenten i bygda (som forresten gjer eit aldri så lite forsøk på å ete rekebagetten sin) får inn ei melding. Kva som har skjedd, er heller vagt, men vi skjønar at det er noko viktig.
Deretter blir vi presentert for fleire av bygda sine innbyggjarar. Kapitla er konsentrert rundt ein person om gongen, og byttar jamnleg. Mot slutten av boka går historia attende til politiførstebetjenten, og vi forstår kva som har skjedd. (Også med rekebagetten.)

Terese er først ute. Ho er gift, har to jenter og er gravid med tredjemann. Dagane hennar går stort sett med til born og heim, og ho har difor sett fram til ein fridag der ho berre skal slappe av. Noko ho sjølvsagt ikkje greier. Feiaren skal visstnok stikke innom, og dessutan så har ho sett på Facebook at naboen er heime. Dermed går dagen ut på å gøyme seg for naboen (slik at ho ikkje skal finne på å stikke innom - noko som alltid resulterar i eit heildagsbesøk), eller å halde seg frå å gå på do (for feiaren kan kome kva tid som helst). Dei nevrotiske tankane til Terese er rett og slett ubetalelege. Eg kjenner meg til og med igjen i nokre av dei (nokre!), og hadde faktisk rørleggjarbesøk da eg las nettopp dette kapitlet.

Terese si barndomsvenninne, Jessica, har ei sentral rolle i boka. Ho skal gifte seg med svenske Stefan, men er usikker på om ho burde gjere det. Vi får høyre mykje om Sakken, far hennar, og Lydia, mor hennar - som forøvrig er fantasivenninne med Dronning Sonja. På Essostasjonen arbeider Kevin, Jessica sin ekskjærast. Det er tolv år sidan dei slo opp, men Kevin slit framleis med kjærleikssorg. I tillegg til alle desse, kjem alle dei små birollene. Den eine meir interessant enn den andre.

Heidi Linde har ein fantastisk sans for humor. Eg fann store delar av boka særs morosam. Og underhaldande. Eg synest dessutan det er hysterisk vittig når Facebookstatusar blir ramsa opp i bøker.Ho treff spikaren på hovudet gjennom dei gode personskildringane og trivielle hendingane. Men det er ikkje berre fornøyeleg. Nu, jävlar! tek også opp alvorstunge tema, både naturlege bekymringar og det som verre er. Ho skriv rett og slett sabla godt. Eg ser det levande for meg. Som ein film.

Anbefalast. Nu!

Alltid Alice


Lisa Genova: Alltid Alice, 281 sider

Alice Howland er knappe femti år gammel og professor i psykologi ved Harvard universitet. Hun er lykkelig gift og har tre voksne barn, reiser mye, trener regelmessig og er i tillegg en anerkjent forsker og foredragsholder. Hun har med andre ord det perfekte liv. Men Alice har begynt å glemme. Enkle ord forsvinner fra vokabularet når hun står midt i en forelesning, hun skjønner ikke sine egne huskelapper og glemmer stadig avtaler. Alice avfeier det først med overgangsalder og stress på jobb. Når hun glemmer å reise til et seminar og opplever å ikke kjenne seg igjen i sitt eget nabolag, må hun innse at det er på tide med en legetime. Alice får diagnosen tidlig Alzheimers sykdom.

Denne boken har jeg lest mye flott om, blant annet her og her. Jeg pleier ofte å styre unna når jeg vet at det ender trist, men da boken åpenbarte seg for meg ved det lokale biblioteket ble jeg rett og slett nødt til å lese den. Og det er jeg glad for. Det er en gripende og jordnær historie, og slett ikke så tåredryppende som jeg fryktet. Altså, ikke misforstå, det er en fryktelig fryktelig skjebne. Men; og et stort men. MEN; Jeg synes forfatteren greier å styre unna de verste klisjeene som vi jo vet kan være typisk for såkalte tåreperser. Hun slipper leseren mye mer inn i den medisinske terminologien, og bygger Alices historie rundt alt dette. Genova har studert biopsykologi og nevrologi, og det er interessant (og fælt!) å følge sykdomsforløpet.

Alice går fra å være en respektert kollega til en fryktet dement på svært kort tid. Det er forferdelig å være flue på veggen til denne hjerteløse sykdommen, og se hvordan hun glemmer dagligdagse handlinger; Å løfte beina for å tråkke over dørstokken, å spise, hvordan hun skrur på tv-en, navnet på barna sine, hvor hun bor, hvem hun er. De rundt henne som opplever å se kone, mor, kollega og venn miste alle minnene sine. Hvordan det er for Alice å lese om sykdommen; at hun som språklingvist gradvis vil miste muligheten til å lese og skrive, talen vil bli mer og mer uforståelig og hun vil få problemer med å skjønne hva folk snakker om. Gårsdagene vil forsvinne, morgendagene blir usikre. Alice må leve i dag. Hun kommer ikke til å huske noe, men det betyr ikke at i dag ikke betyr noe.

Genova har et lett og ordentlig språk, og boken tar for seg problemstillinger på flere plan. Dilemmaer knyttet til arbeidet og familien. Relasjoner mellom nære og fjerne. Etiske og opprivende situasjoner. Fornuftsbaserte eller følelsesknyttede valg. Vi får høre om Alice gjennom sykdommen, men også hvordan Alice opplever at sykdommen sperrer for sansene. Vi står for det meste utenfor historien, men av og til, når Alice for eksempel ikke skjønner hvem den snille mannen i huset hennes er, eller hva det er som sier bip bip gjennom hele dagen, så blir vi like nysgjerrige og forvirret som henne. Dette tilfører boken noe ekstra, og leseren får en dypere forståelse for sykdommens skremmende virkninger.

Alltid Alice er absolutt en god bok. Anbefales.

Forsoningen


Fred Uhlman: Forsoningen, 95 sider

Han kom inn i mitt liv i februar 1932 og forlot det aldri siden.

Forsoningen tek for seg eit vennskap midt i framveksten av nazismen. Hans Schwartz fortel om sitt møte med Konradin von Hohenfels. Faren til Hans er jøde, farfaren er rabbiner. Konradin er son av ein greve. Begge er 16 år gamle. Saman knyttar dei eit sterkt og intenst vennskap.

Dette er ei nydeleg, nydeleg bok. Boka er skriven med eit rørande og stillferdig språk. Det kjendest som eg var eit taust vitne til ein løyndom som har fulgt ein mann heilt til døden. Romanen er svært kort, fort gjort å lese, men forteljinga vil følgje meg desto lenger. Fred Uhlman var ein tysk-britisk målar og forfattar. Forsoningen er den einaste boka han har skrive, noko som gjer ho kanskje enda meir dyrebar.

Eg har ikkje meir å seie. Anbefalast varmt!

Slik går nok en dag fra våre liv for aldri mer å komme igjen


Jonas Gardell: Slik går nok en dag fra våre liv for aldri mer å komme igjen, 159 sider

Er ikkje dette det mest fantastiske omslaget de har sett? Like ever? Eg ler meg i hel av det, og må stadig bla fram for å sjå biletet. Eg humrar berre eg tenkjer på det. Tittelen seier mykje om boka. Biletet seier enda meir. Biletet seier alt.

Denne boka er rett og slett fabelaktig, treffande, umogleg å leggje frå seg. Ho tek for seg ekteparet Håkan og Anna, kvardagsmenneske i eit kvardagsekteskap med to born og rekkjehus. Akkurat som dei fleste andre ektepar. Dei er 33 år. Like gamle som Jesus var da han døydde. Anna greier aldri å få unna klesvasken. Håkan drøymer om å gjere opprør mot den lokale ICA-butikken. Vi får også høyre om Henning, Håkan sin far. Han sit for det meste på knausen utanfor huset, og pønskar ut det neste lesarinnlegget han skal skrive. Pia, søstera til Anna, ein einsam lektor og overetar. Ho skulle aldri ha stumpa røyken. Det heile toppar seg da dei feirar jul hos mora. Ei ubetaleleg forteljing. Eg ler meg i hel av mora. Eg kjenner slike mødre.

Det er så mykje å seie om denne vesle perla, men eg vel å la boka snakke for seg sjølv.

-Er alle sultne? Herregud, så dyr maten er blitt! Man får håpe at man er død neste år, så blir det litt billigere. -Nei, har dere med dere julegaver likevel, vi sa jo at vi ikke skulle... ja ja, jeg har vel noe småtteri jeg også. Et eller annet sted. Nå ja, jeg har ikke kjøpt dem, nei da, det er så mye her i huset som må ut.

Der er i og for seg like greit at Anna sover, for Håkan orker ikke kjenne etter om han vil ha sex eller ei. Skulle de det, måtte han dusje først, og det vil han helst unngå, for hvis Håkan sovner med vått hår, våkner han forkjølet. Håkan er ømtålig for sånt.

Håkan blir rasende når Anna kommer hjem med mar som har kort holdbarhetstid. [...] For et par uker siden kjøpte han for eksempel kjøttdeig på ICA på tilbud fo kroner 44,50 - så kjørte han forbi Vivo og så at de reklamerte for kjøttdeig for 39,90. Et øyeblikk svartnet sjelen hans og han fikk lyst til å gråte. Han tvang seg til å regne ut at prisforskjellen og si til seg selv at det ikke gjorde noe, han forsøkte å overbevise seg selv at det ikke gjorde noe, han forsøkte å overbevise seg selv om at den dyrere kjøttdeigen som han hadde kjøpt, var av bedre kvalitet - likevel gremmet han seg hele veien hjem, og fant ingen glede i noe resten av dagen.

Og slik går nok en dag fra våre liv for aldri mer å komme igjen.

Fekk ikkje de lyst til å lese denne boka, ja nei, da veit ikkje eg altså.

Anbefalast på det sterkaste!

En dag


David Nicholls: En dag, 445 sider

Tjue år. To mennesker. En dag. Dette er historien om Emma og Dexter. De møter hverandre 15.juli 1988. Det er natten etter eksamensfesten, de er ferdige som studenter og har hele livet fremfor seg. Et rørende og turbulent vennskap begynner.

Det er sjelden jeg leser "feel good"-bøker som er skrevet av menn, og jeg merker at jeg liker det. Ikke at det utgjør noen forskjell om det skrevet av en kvinne eller en mann, men det føles godt å få servert en kjærlighetshistorie fra en mann. Fordi jeg er mest vant til å få høre det fra kvinner. Det er en nøktern, presis, humoristisk og vakker fortelling. I begynnelsen føltes boka veldig tykk, fordi den er lang - men de kvikke replikkene, de treffende beskrivelsene og referansene til 80-, 90- og 2000-tallet er gode, og til tider hysterisk morsomme. Jeg har vært i London er del ganger og koste meg ekstra når jeg kjente igjen steder Emma og Dexter var innom.

Boka er bygget opp i kapitler, og hvert kapittel innleder med dato og årstall - noe som gir en ekstra piff. Det er ikke bare en fortelling om Emma og Dexter, men også en nostalgisk rundreise fra de siste tre tiårene. Nicholls skildrer sarkastisk og syrlig, og jeg lo flere ganger av de tørre, men svært treffende kommentarene av for eksempel at tv-programmet largin it skrives med små bokstaver fordi "det var på den tiden det var moteriktig med små bokstaver", eller at "på den restauranten er de litt fancy og putter ruccola oppå pizzaen".

Det er en lettlest bok, full av humor og underholdning - typisk ferielektyre, men jeg må innrømme at handlingen tar en vending på slutten som gjorde at jeg bestemte meg for at boken med ett ble hakket bedre. Den hopper tilbake i tid og tar oss med på utvalgte episoder, avgjørende for å knytte livslange vennskap. På slutten er det bare å finne frem kleenexen. David Nicholls, du er jo sentimental!

God bok.

Under de dype skyggene av løvtunge trær


Kari F. Brænne: Under de dype skyggene av løvtunge trær, 302 sider

Det er ei lita stund sidan eg blei ferdig med boka, men eg er sensor og sit med rettebunkar oppetter øyrene. Dårleg tid, med andre ord. Men no må eg skrible ned ein omtale før eg gløymer for mykje (noko eg har ein stygg tendens til). Kjensla, sitringa, spenninga har eg derimot ikkje gløymt. Fy flate for ei bok! Denne boka har eg lenge sikla etter å lese, og var aldri så lite misunneleg da eg såg eine bloggaren etter den andre fekk leseeksemplar. Heldigvis har vi bibliotek. Eg trykte lån, og lån blei det. Eg blei ikkje skuffa. Boka var alt bloggarane lova, alt eg trudde og meir. Det er rett og slett 302 sider med spenning. Og ikkje av det fartsfylte slaget. Dei siste 100 sidene var eg så oppslukt at eg nesten ikkje ensa kor eg var (eg er ikkje sikker, men har ein mistanke om at eg oppheldt meg i ei mellomlanding på Gardermoen).

Under de dype skyggene av løvtunge trær er ei dramatisk forteljing om ei bannlyst familie, og opnar med ei skildring frå ein sommardag på familiehytta. Wilhelm blir oppringt av mor si, Evelyn, som har eit sterkt ønske om å få besøk av han på 85-årsdagen sin. Wilhelm bur i USA og har ikkje vore heime i Noreg på over 30 år. Han har heller ikkje tenkt seg heim med det første. Mora seier at det er noko ho aldri har fortalt han. Ho vil ikkje seie det over telefonen, så Wilhelm ser seg nøydd til å reise attende. Parallelt med dette blir vi kjend med skodespelaren Robert og sonen Lukas, som dreg på utflukt til same hytta. Kva er det Wilhelm si mor har holdt skjult i alle desse åra? Og kvifor har Robert nøkkel til deira hytte?

Det er utan tvil ei spennande bok, nesten litt for spennande. Vi får servert løyndommar etter løyndommar rett i fanget, men klimaksen er likevel beheldt til slutten - og for ein slutt. Eg heldt på å gå av skaftet av grøssing, og angra nesten på at eg leste boka, så grusomt uuthaldeleg var det. Likevel er det ikkje krim. Boka handlar om menneskelege relasjonar (som eg jo er blodfan av), familieband, arv og miljø. Eg kunne ha sagt så mykje om boka, alt eg likte med ho, men dette er ei slik historie ein ikkje kan røpe så mykje av. Boka er dramatisk og trist, men ho har også sine lyspunkt.

Anbefalas verkeleg. God bok!

Ps. Når eg først har dykk her, så har eg sett at enkelte har problem med å kommentere. Dette slit også eg med, og skjønar ikkje heilt kva som er gale. Eg greier å kommentere hos nokre bloggarar, men ikkje andre. Snodig. Vel vel, attende til sensureringa..