RSS

Plutselig høre noen åpne en dør


Trude Marstein: Plutselig høre noen åpne en dør, 256 sider

Sara er fire år og pendlar mellom far og mor. Far, ein vanleg og omsorgsfull person. Ein god heim å vakse opp i. Mor les og skriv og har ikkje tid til anna. Sara er mest hos mor. Mor har lita tid til Sara. God tid til å skrive. Og analysere. Mor er nemleg student og skal levere hovedfagsoppgåva si om eit par månadar. Ho skriv døgnet rundt. Morsrolla er kraftig nedprioritert.

Sjeldan har eg vore så glad for å vere ferdig med ei bok. Det er ei god bok. Ei grusom bok. Eg har hatt ein klump i halsen, ein stein i magen frå eg bladde om første sida. Det er forferdeleg å sjå korleis mora behandlar dottera si. Ho analyserer alt ned til minste detalj, og skyr klisjear som pesten. Ho er redd for å oppføre seg tilgjort overfor Sara, redd for å gi Sara for mykje kos og trøyst, redd for å gjere Sara avhengig og kunstig. Ho veit nøyaktig kva som er pedagogisk best for bornet, likevel gjer ho det motsette. Ho er klar over kva ho gjer mot dottera si, ser at Sara tar skade av det - men er overtydd om at Sara vil ta meir skade av ei mor som innrømmer feil.

Jeg ser ut av vinduet. Asfalten er våt, det må ha regnet. I det samme snur Sara seg og ser ut hun og. Det irriterer meg. Hva ser du på, sier jeg. Ingenting, sier Sara. Det er ikke noe svar, sier jeg, ingenting er ikke noe svar! Jeg ser ikke på noe! sier hun. Jeg går bort til henne, stirrer henne i øynene, sier, fy faen, du er dum Sara, dum! Hun ser på meg, leppene hennes er såre og ømme.

Sara skal bli behandla som ein likeverdig, ein vaksen. Ho veit at Sara ikkje er i stand til å skjøne rasjonell tenking, å vite kvifor ho nektar å gå på do sjølv om ho må. Mor veit det, men blir like fullt provosert og rasande. Når ikkje sinnet står i vegen for mor, er det det prinsipielle som stoppar. Ho kan til dømes ikkje servere te til venninna når ho er på besøk, fordi biletet av "to venninner som utveksler betroelser over store kopper te på hver sin side av et kjøkkenbord" ikkje er til å halde ut. Kaffi går derimot greitt. Refleksjonane ho gjer seg, tankespelet av motiv og konsekvensar sit som ei rettssnor og fungerer som ei sperre for alt ho kan tillate seg.

Når ho er saman med Sara, tenkjer ho kun på oppgåva si. Når ho skriv oppgåva, lengtar ho etter Sara. Ho saknar kjærasten, men greier ikkje å skilje mellom sitt sakn og det faktum at det er forventa at ho skal sakne kjærasten sin. I så fall skal ho ikkje sakne han. Ho er redd for å vere påtatt naturleg, redd for å framstå som svak og avhengig. Ho er ei sterk kvinne, har store forventingar til seg sjølv, men krevjer desto meir av andre. Mor hennar, venninna, eksen, kjærasten. Dottera. Ingen er gode nok. Ho er ein stor egoist.

Jeg er så naturlig når jeg mislykkes i rollen som mor! Når jeg forsømmer mitt eget barn anklager jeg aldri meg selv for å spille, selv om en forsømmende mor i høy grad er en velkjent rolle. Jeg unngår også å overvåke meg selv da, først lenge etterpå, når det er for seint og ikke har noen som helst hensikt, gjør jeg det, i etterkant av overgrepet.

Marstein skriv godt og har eit direkte språk. Det er vond og ubehageleg lesing, men ei god bok. Ho viser eit samansatt bilete og opnar for refleksjonar på fleire område, om ein greier å sjå forbi den skremmande omsorgssvikta.

Anbefalast.

3 kommentarer:

aariho sa...

Må leses, skjønner jeg!

annkolaas sa...

Det bør du. Det vil gjere både godt og vondt.

astridterese sa...

Jeg ble nysgjerrig på denne boken, men er litt redd for at den skal være for vond og trist. Jeg noterer meg tittelen og ser om jeg kan lese den når resten av livet er litt bedre :-)