RSS

ROM

Emma Donoghue: ROM, 329 sider. Oversett av Inge Ulrik Gundersen


Jack bur i Rom, eit lite rom saman med mor si. Rom er eigentleg eit lite skjul med innlagt vatn, straum og møblert kun med det aller mest nødvendige. Mor blei teken til fange som nittenåring og opplever Rom som eit fengsel. Jack blei fødd i Rom og kjenner ikkje til ei anna verd. For han er Rom ein trygg og god stad. Jack er ein svært høfleg og lydig gut. Han er flink til å lese og ser verda med naive og glade auge. Sjølvsagt. For Jack er berre fem år. Eit lite born. Han skjøner ikkje kvifor mor vil at dei skal rømme frå Rom. Dei har jo alt dei trenger, og får til og med be om noko ekstra godt på søndagar. Dei kveldane dei høyrer pip-pip frå alarmen, gøymer Jack seg i Klesskap til mor seier at han kan komme og leggje seg i senga hennar. Det er fordi Gamle-Erik har vore på besøk. Mor vil ikkje at Gamle-Erik skal sjå Jack.

Denne boka er inspirert av Joseph Fritzl-saken, og det spesielle er at ho er fortald av femårige Jack. Vi opplever hendingane slik han opplever dei, føler det slik han føler det, ser det slik han ser det. Det er heilt utruleg at Donoghue greier å setje seg inn i tankane til eit lite born, men det er skremmande truverdig. Måten ho lar lesaren skjøne kva som foregår rundt Jack, korleis det ser ut for ein femåring som ikkje veit betre. Det er ei grusom, men nydeleg historie. Det er svært tungt for mor, men ho gjer det ho kan for å skjerme Jack, og ho får han til å sjå det positive i den einsame tilvera deira.

Det er ei tankevekkande, uroleg, intens og vakker bok. Ho speler på heile kjensleregisteret. Dette er ei bok eg kjem til å hugse lenge, lenge.

Anbefalast.

6 kommentarer:

ellikken sa...

Denne har jeg blitt anbefalt tidligere, og nå ble jeg enda mer overbevist. Jeg kjente klump i halsen bare ved å lese omtalen din... Sårt, sart og tankevekkende.

annkolaas sa...

Takk! Eg skreiv i ei fart, og føler eigentleg at eg ikkje gjorde boka rett. Det er så mykje meir eg kunne ha sagt, men vil ikkje røpe noko heller. Les ho!

Bokelskerinnen sa...

Er helt enig i at dette er en bok som fester seg. Det er også, som du skriver, helt utrolig godt gjort å klare å få leseren til å tro at det er en femåring som forteller.

astridterese sa...

Dette hørtes ut som en bok jeg må lese. Jeg ble absolutt nysgjerrig av den fine omtalen din!

Gråbekka`s Blogger sa...

Nydelig omtale:) Har denne i bokhyllen min, er spent på hvordan jeg vil like den. Kanskje den må rykke opp på leselista mi:)

Anja sa...

Jeg leste den for nøyaktig et år siden, og den er meget god bok, absolutt en tankevekker...