RSS

Wonderboy


Henrik Langeland: Wonderboy, 483 sider

Wonderboy er ingen ringare enn 34 år gamle Christian von der Hall, allereie Senior Vice President i mediekonsernet Scandinavian Media Group. Han er gift med Tessa, har to born og praktikant heime. Han er nesten alltid på arbeid, om ikkje fysisk så i tankane. Han har fast sete på flyet og kjenningar overalt. Han drøymer om å kjøpe opp Aschehoug og Gyldendal, ein idé som tar all tid og trugar med å øydelegge både arbeidet og familielivet. Christian satsar likevel alt på denne masterplanen.

Eg skal vere ærleg, eg har ikkje peiling på aksjar og finans og alt dette her, men det er særs interessant lell. Christian opplever suksess på jobben, men har sine problem - både privat og offentleg. Han lever eit jetset-liv og strør om seg med luksus (synest eg i alle fall). Det er satirisk og morosamt, men også ei spennande historie. Det seiast at fleire av karakterane i boka er basert på reelle kjendisar. Fascinerande, berre det. Eg gjetta meg til kven dei kan vere, men skal la det vere usagt.

Wonderboy er nesten like god som Francis Meyers lidenskap . Bytt ut Petter Dass og nordisk med Dagens Næringsliv og ein dæsj Se og Hør, så er du på veg. Ein god og underhaldande veg. Her er det sex, lies og videotapes så det held. Han kjem ikkje heilt unna litteraturen, og ser ut til å kunne sin Dag Solstad. Langeland altså. Og der har vi enda ein eg har til gode. Arild Asnes, snart, snart.

I morgon skal kollegaen min omsider få attende boka, etter vel eitt år. Kanskje to. Ho var verdt ventinga.

Anbefalast.

0 kommentarer: