RSS

Men fjernkontrollen min får du aldri


Are Kalvø: Men fjernkontrollen min får du aldri, 119 sider
Det er ei skam, men sjølv kor mange kåseri eg har lest av Are Kalvø, så er dette den første boka eg har lest. Men eg har ei god unnskyldning, og det er at eg følgjer med heimesida hans og dermed får servert rykande ferske og dagsaktuelle tekster. Enkelt og greitt. Når eg skal undervise om kåseri, er det berre å hente ut eit splitter nytt frå sida hans, så får elevane høyre om noko som skjer akkurat her og no.

Men fjernkontrollen min får du aldri tar for seg det som går føre seg i media, både framom og bak. Vi får tabloidoverskrifter, teikeseriar, Hallo-dame, scener frå blant anna Laurdagsrevyen og Brennpunkt. Pål T. Jørgensen og Davy Wathne dukkar med jamne mellomrom opp, og deler dei sedvanlege vitsane sine. Ein av teikneseriane ser også føre seg eit tenkt mimreprogram der Varg Vikernes er gjest, og får tenne på ein modell av ei stavkyrkje og møte to unge fans. Knut Nærum står for dei slåande illustrasjonane.

Det er sjølvsagt fantastisk morosamt, og eg lo meg skvett i hel fleire gongar. Grunnen til at eg plukka opp boka var fordi eg skulle finne noko passande til undervisinga, men eg trur ikkje elevane mine er heilt i målgruppa. Sjølv om det er artig og framleis dagsaktuelt, vil nok dei færraste av dei ta referansane til 90-talsprogramma og dermed miste den heilskaplege ramma. Trur eg da. Men eg kan ta feil.  Det har skjedd før, og vil truleg skje igjen. Eg fekk i alle fall ei svært god lesaroppleving.

Anbefalast.

0 kommentarer: