RSS

Mokka

Tatiana de Rosnay: Mokka, 214 sider. Oversett av Gøril Eldøen

Justine og Andrew er gift og foreldre til Giorgia på ni og Malcolm på tretten år. Ein onsdag ettermiddag får ho ein telefon som snur om på alt: Malcolm har blitt påkøyrd og ligg i koma. Føraren av bilen, ein mokkafarga mercedes, stoppa ikkje, noko fleire har vore vitne til. Justine bestemmer seg for å ta saken i eigne hender. Etter fleire spor, står Justine ein dag utanfor døra til kvinna som køyrde på sonen hennar. Ho vil vite kva som får ei kvinne, ei mor, til å køyre på ein gut, stikke av og ikkje sjå seg attende.

Dette er første boka eg har lese av de Rosnay som konsentrerer seg heilt om notidshistoria. Risikabelt, når vi veit at det stort sett er fortidshistoriene som har drive handlinga. Lik dei andre romanane hennar, er ei nyleg hending kjerna i historia, men persongalleriet følgjer så å seie same oppskrift som tidlegare (ok, kanskje ikkje alle dei andre bøkene). Ei kvinne som arbeider med ein eller anna form for tekstarbeid, mannen har vore utro og dei forsøker å lappe saman ekteskapet. Sonen si ulykke får dei til å tenkje gjennom tidlegare val i livet.Vil dei klare å leggje det bak seg, eller vil det vere eit endeleg oppgjer?

Eg synest det var ei fornøyeleg bok. Språket var særs godt i første delen av boka, ei meir fortetta stemning er skildra. Vidare glir det meir over til dette utbrukte, typiske, spesielt når det er snakk om ektemannen. Men det gjekk ned, om ein kan seie det slik. Eg følte ikkje at det var det heilt store, men eg la ho likevel knapt frå meg før eg var ferdig. Heilt grei underhaldning.

6 kommentarer:

Elin sa...

Har hørt om denne boka, men har ikke lest den. Kanskje jeg skal gjøre det en gang:)

Knirk sa...

Denne ble jeg nysgjerrig på. Takk for tips!

annkolaas sa...

Gjer det, Elin. Ver så god, Knirk.

Beathe sa...

Denne har jeg stående i bokhyllen,kanskje jeg skulle tatt den frem etterhvert? Av og til er det greit å lese en helt grei bok!

annkolaas sa...

Helt enig!

aariho sa...

Har lese to bøker av denne forfattaren, og liker henne veldig godt. Så dette er ei bok eg vil lesa i nærmaste framtid. Takk for fin beskrivelse av boka.