RSS

Sara

Toril Brekke: Sara, 512 sider

 Ålesund, 1800-talet. Sara kjem opphavleg frå Tingvoll, og har hatt ein streng barndom under faren, futen, si hand. Ein sein kveld driv eit skip i land og ein flokk menn vil ha husly hos futen. Hushalderska kastar dei ut, sjølv om Sara vil la dei bli. Dagen etter reiser ho av garde med ein av dei unge mennene, Oscar. Ho giftar seg med Oscar og får ein fin, liten familie i Ålesund.

For Sara går det greitt å føde, men ho både ser og høyrer om kvinner som ikkje får det til like lett. For fleire går det riktig gale. Sara tenkjer at det ikkje skal behøve å vere slik, det er pålagt å ha jordmor. Ho får støtte frå byens menn, det står visst i reglementet at staden skal bidra økonomisk. Slik går det til at Sara blir Ålesund si første jordmor.

Om eg skal vere heilt ærleg, så hadde eg nok ikkje lese denne hadde det ikkje vore for at handlinga er lagt til Ålesund. Eg bur rett utanfor, er godt kjend med byen så det var naturleg nok det som først fanga interessa mi. Ser ein vekk frå det geografiske, er Sara likefullt ei fin forteljing om lengsel etter fridom og kunnskap, og kvinnene sin kamp mot undertrykking.

Eg likte boka godt og anbefaler ho gjerne.

2 kommentarer:

Elin sa...

Det høres ut som en spennende bok å få med seg :) Denne må jeg lese en gang:)

annkolaas sa...

Ja! :-)