RSS

Døtre av Norge

Gunhild M. Haugnes: Døtre av Norge, 290 sider

I hvert slektsledd fra nå av vil det bli født et jentebarn med dette merket. Disse vil være sterke og ha spesielle evner. Sammen vil denne rekka av jenter forandre verden, de skal slåss for de svake og spesielt for kvinnene. 

I Døtre av Norge blir vi kjend med ein generasjon kvinner gjennom hundre år. Boka byrjar i Finnmark, 1650, der den unge mora Maja blir brend på bålet, skuldig i heksekunst. Sidan hoppar forteljinga langt fram i tid, til Merete som er fanga i tidsklemma i 2009. Ho er karrierekvinne i Oslo og ei av jentene som har dette merket, uvitande om både krafta og forhistoria. Ein dag får ho vite alt av mor si, Marie, som også er berar av merket.

Det overnaturlege er likevel berre ein liten del av historia. Vi får høyre om ei solid kvinneslekt og dei ulike vegane desse kvinnene tek. Nokre vel å gifte seg og bli bondekoner, som Elise og Margrete. Andre utdannar seg, som Marit og Marie. Marit blir lærar og er med og kjemper for stemmerett i hovudstaden medan Marie blir professor i biologi. Trass mange ulike lagnader, felles for alle er at dei har ei sterk historie, det vere seg som fiskerkvinne, bondekone, sjukepleiar eller professor. Alle er med på å byggje landet og leggje til rette så kvinnene etter dei kan få fleire valmoglegheiter. Moglegheiter dei sjølv ikkje hadde.

Eg likte boka veldig godt. Mykje av handlinga går føre seg på Sunnmøre, det går sjølvsagt rett heim hos meg. Korleis dei levde før i tida er vel så spennande, og det at historiske fakta er fletta inn gir det heile ein ekstra bonus. Boka er lettlesen og eg lot meg fengje av desse interessante kvinneskikkelsane. Ein aktuell roman, spesielt no når vi feirer 100-årsjubileet for kvinneleg stemmerett.

Anbefalast.

Takk til forfattaren for lesareksemplar.

4 kommentarer:

Beathe sa...

Holder på å lese denne nå,men har ikke kommet så veldig langt.Men det virker absolutt lovende og at det er historiske fakta flettet inn så må det jo bli bra!

annkolaas sa...

Ja, jeg leste boka i ett og vet akkurat hvem som skal få lese den nå.

Gråbekka`s Blogger sa...

Høres bra ut denne boken! Godt jeg rappet den til låns fra biblioteket her om dagen, skal absolutt leses:)

Gunhild Haugnes sa...

Takk for hyggelig anmeldelse. Jeg har nå lagt en link til den på Facebook/DotreAvNorge. :) Gunhild