RSS

Julefortellinger

Aschehoug Forlag: Julefortellinger, 173 sider

Denne boka lånte eg kun fordi eg blei tipsa* om at Helga Flatland har skrive ei lita uavhengig historie om den første jula utan Trygve (frå dei fantastiske tre bøkene du veit). Men eg lurer på om det faktisk er eit utdrag frå eine boka? Bøkene mine er utlånt så eg kan ikkje sjekke. Fint var det uansett. Etter å ha lese den vesle forteljinga måtte eg sjølvsagt lese resten av boka og.

Eg kan informere om at Julefortellinger er ei lita perle av ei bok. Aschehoug har samla ei rekke forteljingar frå fleire av våre beste forfattarar. Nokre av forteljingane er heilt nye, medan andre er klassikarar verdt å repetere. Vi får høyre om ein julaftan frå Klaus Hagerup sin barndom og Tom Egeland fortel om korleis vesle Bjørn oppdaga at jula var oppdikta. Unni Lindell har skrive ein julekrim om kona som forgiftar ektemannen, Anne B. Ragde sin hovudperson er så einsam at ho gir mat til rottene som har flytta inn på loftet, og elles kan vi lese velkjende historier frå mellom anna Alf Prøysen, Leo Tolstoj og H. C. Andersen. Favoritten min er den første novella, "Myk pakke" av Johan Harstad. Ei trist, men fin forteljing om ein einsleg mann som ikkje vil vere aleine på julaftan.

Ei god bok som får deg i julestemning. Anbefalast.

* Eg har forsøkt å leite i kommentarane mine for å finne ut kven det var som tipsa meg, men kan ikkje finne det att. Eg synest å hugse at det var Askeladden? Tusen takk i alle høve.


3 kommentarer:

Tine sa...

Hei Lena
Det kan godt være meg som "sladret" om Helga Flatland sin novelle. Løp sporenstreks til hyllen og fant frem "Det finnes ingen helhet". Boken er jo fra desember, så det kan godt være der det står (fant det ikke). Har gitt vekk Julefortellinger så jeg kan ikke sjekke nøyaktig hvordan det begynner, da hadde jeg kanskje hatt en sjanse. Merkelig at jeg skulle lese det som noe nytt, hvis jeg hadde lest det i boken hennes i høst. Altzheimer light (?) Kanskje noen andre kan løse denne gåten?

Askeladden sa...

Det var nok meg som tipset om boka:). Så bra at du likte den. Den har mye mer enn Helga Flatland sin fortelling å by på.

annkolaas sa...

Da husket jeg riktig, Askeladden:) En finfin bok. Tine: Vi har nok alle et snev av forglemmelse. Jeg har til og med skrevet en roman, og da jeg leste den om igjen var mye av handlingen ny for meg. Da finnes det ikke mye håp, ho ho.