RSS

Mitt møte med Olaug

Det var 2009. Bloggen min var heilt fersk og eg heldt framleis på å fordøye Gunnhild Øyehaug sin nydelege roman Vente, blinke. Gugling av henne førte meg vidare til forfattarar som Marit Eikemo, Ragnar Hovland, Selma Lønning Aarø og dronninga sjølv: Olaug Nilssen.

Det kan vere eg hugsar feil, men eg meiner Få meg på, for faen var første boka eg las. For ei bok! Eg hadde ikkje fått sånne kjensler sidan eg las Jon Fosse sin Melancholia, eller Naiv. Super av Erlend Loe. Nilssen leikar med språket og handlinga, tar i bruk songtekstar og bilete. Det var ikkje før eg byrja å lese denne type litteratur at eg verkeleg forsto uttrykket "We read to know we are not alone" (C.S. Lewis). For ei som var vant med å lese fantasy, var det ironisk nok heilt magisk å oppdage at det fanst forfattarar som skreiv slik eg tenkte.

Sidan eg så vidt hadde byrja å snuse på blogging da eg las Olaug sine første bøker, har eg ikkje skrive om dei. Men eg fann desse innlegga i arkivet mitt, og det er ikkje vanskeleg å forstå at eg alltid har vore fan.

Innestengt i udyr Olaug sin debutroman.

Nesten frelst  Portrett av Sigvart Dagsland

Kjøkenbenkrealisme  Ærlege historier om tidsklemma.

Stort og stygt  Drama om småbarnslivet

Tung tids tale Roman om Daniel, den autistiske sonen. Boka er nominert til Årets roman, Bokbloggerprisen 2017.


I høve nomineringa tok eg kontakt med Nilssen og bad om eit intervju. Ho svarte ja til det og eg postar intervjuet slik det blei. Biletet lånte eg frå snl.no.






1. Har du alltid likt å skrive? Var du ein typisk "flink skrivar" i grunnskulen?

Eg har alltid likt å skrive! Då vi skreiv framhaldsforteljingar til skuleavisa på barneskulen, der alle elevane skulle levere inn nye kapittel , så vart mine kapittel vald fleire gonger på rad. Då bestemte læraren at eg ikkje fekk lov å levere til neste runde. Det var så skuffande, for då dette blei bestemt, hadde eg allereie skrive ein ny del.

Eg gjekk på grunnskulen i ei tid då vi framleis fekk skrive noveller og forteljingar, og ikkje berre resonnerande tekstar og diktanalyse. Det same gjaldt på vidaregåande. Det var midt i blinken for meg.

2. Eg hugsar at Innestengt i udyr og Få meg på, for faen var heilt annleis enn noko eg hadde lese før. (Eg digga det!) Har du alltid hatt ei spesiell stemme i litteraturen, eller blei det til etterkvart?

Det var enormt frigjerande for meg å lese Erlend Loes Naiv super og Eva Jensens bøker, særleg Den rolege gule hunden med brillene. Deira form-eksperimentering gav meg eit dytt i retning av ein skrivemåte som fall meg naturleg og viste seg å vere fruktbar.

3. Kven er dei litterære førebileta dine? Har du ei (eller fleire) bok som gav deg ei litterær openberring? 

No svarte eg vel litt på dette i spørsmålet over, men eg kan legge til Ragnar Hovland, Vigdis Hjorth, Hanne Ørstavik og Trude Marstein. 

4. Dei tidlegaste bøkene dine er ganske ulike dei siste bøkene. Markerer Tung tids tale eit skilje i forfattarskapen din? 

Ja, det er heilt sikkert at den gjer. Den er både alvorlegare og har ein strammare komposisjon enn dei tidlegare bøkene. Den har nok også andre litterære førebilete. Eg har lest mange bøker skrive av foreldre til barn med funksjonshemming, ikkje berre skjønnlitteratur. I tillegg har eg hatt ei klar politisk målsetting med å skrive. Eg ville at boka skulle bidra til opplysing og politisk endring, ikkje berre i vilkåra for familiar til barn med store funksjonshemmingar, men også eit bidrag til ei bevisstgjering om at samfunnet blir kaldare.


5. Du har sagt at du var redd boka ikkje skulle bli litterært anerkjent. Kan du seie litt om det?



Ja, eg har vore redd for at boka skulle bli sett på som bekjennelseslitteratur, sosialpornografi, og at den politiske viljen skulle vere hemmande for det litterære. Eg irriterer meg sjølv ofte over medias framstillingar av andres tøffe tak, særleg når dei grip etter fraser som "nå vil han/hun hjelpe andre i samme situasjon" eller "Er nå sterkere enn noen gang". Det er sjølvsagt mykje sant i slike framstillingar, men det framstår ofte meir som skryt enn som eigentlege hjelpsame, relevante refleksjonar.

6. Kan du seie litt om prosessen med å skrive om boka? Tankane om å utlevere familien, reaksjonar frå dei rundt? 



Det var ikkje så lett å bli sikker på at det var nyttig for Daniel at eg skreiv så direkte om han, og om mine kjensler. Han har eit personvern, og det er mange gode grunnar til å ikkje skrive utleverande om sårbare personar. Den øvrige familien blir svært forsiktig handsama, så eg har tatt store omsyn til alle andre enn meg sjølv og Daniel. 

7. Har boka blitt tatt imot slik du håpte? 



Over all forventning! Både anmeldelsar, reaksjonar frå lesarar, reaksjonar frå politikarar, byråkratar og fagmiljø, har vore eintydig positiv. Det er ei stor oppleving for meg.



Har du lese Tung tids tale, eller noko anna av Olaug Nilssen. Fortell!


0 kommentarer: