RSS

Så lenge ingen ser oss

Anders Totland: Så lenge ingen ser oss, 128 sider

Så lenge ingen såg meg, fekk eg vera i fred.

I går kveld benka eg meg ned ved kjøkenbordet, klar for ei god bok og eit tilhøyrande smakfullt måltid. Eg las så vidt over omslaget, forsto at denne boka handlar om kompisane Ole og Jon.

Eg var førebudd på ei forteljing om skeiv kjærleik og byrja å lese med godt mot. Eg tok feil. Ole er slett ingen kompis. Han er ein sleip og feig mann. Ein overgripar. Den hyggelege lesestunda eg hadde sett føre meg, blei raskt svelgt ned med maten.

Boka byrjar så trist. Jon bur saman med mor si, som vi skjønar slit med anten depresjon eller alkohol. Truleg begge. Han er van til å styre seg sjølv, ofte med litt hjelp frå foreldra til kompisane. Onsdag er beste dagen. Da er helga nær og mora lettare til sinns. Søndagen er verst. Nok ein fyr har forlate huset og mor sit att i mørkret sitt.

Ein søndag vaknar Jon til ei annleis stemning i huset. Ole flyttar inn og huset blir fylt av plystring og pannekakefrukostar. Ole smører matpakke og startar fotballag. Jon tør igjen å invitere kompisar heim og får til og med ein veslebror, Lukas.

Alle synest Ole er fantastisk. Også eg. Naiv som eg er. Ein fin familie. Alt er så bra. Nesten for bra. Så vil Ole ha med Jon på telttur ei helg, og det gode måltidet blei om til ein vond klump i magen min.

Er det mogleg? Snille Ole, som redda Jon og løfta mora opp i lyset. Kva vil skje dersom Jon fortel det til nokon? Vil alt rakne? Jon seier nei neste gong Ole vil på telttur, men ombestemmer seg raskt når Ole seier at Lukas kan vere med i staden. Tanken på at han skal røre Lukas får Jon til å gjere som Ole vil.

Temaet er høgst aktuelt. Jon bar byrda da mora var sjuk, no må han igjen bere tungt av redsel for å øydelegge familieidyllen. Så lenge ingen ser oss er fæl, men nødvendig og dessverre sann for mange. Det skal ikkje vere slik. Boka er sterk, men lettlesen og har eit fint språk. Ho passar for både ungdom og vaksne.


Eg ville be han slutta, seie at me heller kunne grilla. Ole kunne fortelje dårlege vitsar, og så kunne me le saman. Men det var noko rart der som fekk orda til å skjelva før dei forsvann i halsen. Noko med Ole. Det var som ei vond draum som gjentok seg. 


Historia er vanskeleg å fordøye, men det må til somme tider. Vi må sjå kva som foregår rundt oss.


Årskavalkade

Hei, bloggen!  

I 2017 las eg 104 bøker. Eg greidde med andre ord målet mitt. Det var eigentleg 65 bøker eg hadde sett som mål, men eg var usikker på kva eg skulle setje. Eg blir så stressa når eg set meg for høge mål, for eg blir besett av å følge dei. Så nådde eg 65 bøker og justerte opp til 75. Det blei over 85 og da var eg så nær 100 at eg lot det stå til. Det såg litt svart ut da eg var rundt 95, men så greidde eg det jaggu med fire bøker over det igjen. Eg er nøgd. Meir enn nøgd faktisk, for eg fekk stryke ut nokre klassikarar på 1001-lista og det er svært sjeldan eg kan gjere. Eg las så mange av i studietida og blei litt metta. Likevel er det pinleg få eg kan krysse av lista, så eg har alltid eit mål om å kome meg gjennom fleire.

Eg byrja 2017 med eit mål om å lese ein klassikar i månaden, men det var berre å gløyme først som sist. Eg måtte heilt til desember før første klassikaren blei lesen. Når eg likevel var i gong, pløygde eg gjennom fire til, og skal forsøke å lese fleire i 2018. Utan noko konkret mål. Eg er snart ferdig med klassikar nummer seks og alt over det blir bonus. Det er ikkje det at eg ikkje likar å lese desse bøkene, men eg har ofte sett filmar/seriar og så mange referansar til historiene at eg føler eg allereie har lese dei. Eller så er dei så himla lange. Orsak, men er det verkeleg nødvendig å skrive så mykje? Eg har hørt på Anna Karenina heile jula, så mykje at telefonen min har gått i svart fleire gongar. Likevel har eg over sju og ein halv time att. Sjølv føler eg at historia kunne ha vore ferdig da det var 17 timar att. Men det held fram..  Eg likar boka altså, men av og til kan det passe med less is more. Det finst trass alt mange fleire bøker ein skal lese. Det kan vere at det kjennast ekstra uuthaldeleg fordi eg høyrer den på lydbok, som eg normalt ikkje er særleg fan av. Eg har ganske høg lesehastigheit, og kunne nok klart det på halve tida sjølv. Men Storytel kosta berre 9 kr for ein månad, og sidan eg er plaga med hovudverk passa det bra med litt lytting. Eg har i alle fall tenkt å halde ut, og høyre så mykje eg greier før månaden er over.

Det er ikkje berre klassikarar som er på lista mi år etter år, eg forsøker etter beste emne å lese mest mogleg variert litteratur. Det har blitt mykje young adult dei siste åra, men eg prøver å halde meg oppdatert på det meste. Til og med krim, som stadig veks på meg. Alt eg har gått glipp av i alle desse åra. Mykje å sjå fram til, men det er jo aldri eit problem for ein lesar. Heldigvis.

Følgande bøker, som ikkje nødvendigvis blei gitt ut i fjor, men som gjorde sterkast inntrykk på meg, var desse.



Denne skulle eg ønske eg hadde skrive

Synne Sun Løes: MISS (ungdom)



Boka eg las to gongar 

Nicola Yoon: Verden er en boble (ungdom)



Den finaste historia

Krystal Sutherland: Kjemiske hjerter (ungdom)



Boka frå hylla

John Green: Hvem er du, Alaska? (ungdom)



Denne anbefaler eg til alle

Karen McManus: En av oss lyver (ungdom)



Fin og fæl 

Brynjulf Jung Tjønn: Alt det lyse og alt det mørke (roman)



Ho skuffar aldri

Helga Flatland: En moderne familie (roman)



Genierklært 

Carl Frode Tiller: Begynnelser (roman)



Ikkje for alle

Cathrine Blaavinge Bjørnevog: Um sakne springe blome (dikt)




Vakraste boka

Max Porter: Sorg er den greia med fjær (roman)



Sterkaste lesnaden

Olaug Nilssen: Tung tids tale (sakprosa)



Beste klassikaren

Antoine de Saint-Exupery: The Little Prince (barn)


Den søtaste boka

Mette Eike Neerlin: Hest, hest, tiger, tiger (ungdom)



Kjenner meg att i denne

Kristin Storrusten: Barsel (dikt)



Mest oppskrytte boka

Simone Elkeles: Perfekt kjemi (ungdom)



Kven har eg gløymt, skal tru?



Det blei 23 mannlege og 81 kvinnelege forfattarar. Spesielt interesserte kan finne den fulle lista over lesne bøker i 2017 her.



Eg ønsker dykk eit godt nytt leseår!


2018

1. Leo Tolstoy: Anna Karenina

2. Nicola Yoon: Solen er også en stjerne

3. Harriet Beecher Stowe: Onkel Toms hytte

4. Mark Twain: Tom Sawyer

5. Una LaMarche: Bare i Brooklyn

6. Nils Fredrik Dahl: Mor om natten

7. Linda Skomakerstuen: Uten vesentlige feil eller mangler

8. Fjodor Dostojevskij: Forbrytelse og straff

9. Robert Louis Stevenson: The Strange Case of Dr. Jekyll and Mr. Hyde

10. Anders Totland: Så lenge ingen ser oss

11. Franz Kafka: Prosessen

12. Charles Dickens: Oliver Twist

13. Monica Flatabø: En sånn jente

14. Marte Spurkland: Klassen. Fortellinger fra et skoleår

15. Amina Bile m. fl. : Skamløs

16. Jane Austen: Fornuft og følelse

17. L.M. Montgomery: Anne fra Bjørkely

18. Stephen King: Kidnappet

19. Becky Albertalli: Fordelen med ulykkelig kjærlighet

20. Zeshan Shakar: Tante Ulrikkes vei

21. John Green: Skilpadder hele veien ned

22. Henrik H. Langeland: Fortellekunst. Håndbok i litterære teknikker

23. Ingeborg Senneset: Anorektisk

Um sakne springe blome

Cathrine Blaavinge Bjørnevog: Um sakne springe blome, 137 sider


kjærleiki mi

Bjønn um dage Mann um natte

Me lyt møtast im morgume

O kom aup me

kom kom


Ja da, det er den. Boka med det rara namnet. Og enda rarare språket. Um sakne springe blome. Smak på det. Kva betyr det? Kva for eit språk er det eigentleg? Har du prøvd deg på henne? Eller blir du vettskremd av tanken? Det er ikkje så uvanleg, det. Eg veit om mange som kvir seg for å lese nynorsk, og enda fleire som kvir seg for å skrive nynorsk. Det er veldig synd, for nynorsk er eit nydeleg språk og slett ikkje så vanskeleg som ein trur. Forfattaren sjølv hadde ein kollega som fekk mareritt av nynorsken hennar, og det løyste ho med å lage eit heilt nytt språk. Diktsamlinga er altså ikkje rein nynorsk (for dei som kanskje trudde det!), men snarare ei blanding av nordisk, gammalnorsk og dialekter. Resultatet er eit fortryllande lyrisk og mektig språk.

Det er suggererande rytmar av smertefulle bøner frå ei mor. Ei mor som saknar og ventar på mannen sin. Dikta er ikkje enkle å forstå, for lik språket er handlinga langt frå lettfatteleg. Dikta gir rom for ulike tolkingar, men vi tar til oss stemninga og føler sorga. Vi får kjenne på ei fortviling ulikt noko anna eg har lese. Ein kan finne referansar både til "Kvitebjørn Kong Valemon", "Østenfor sol, vestenfor måne" og ymse legender. Det er mytisk og gåtefullt, og kvar gong eg les oppdagar eg nye lag av betyding. Eg blir ikkje lei, sjølv kor sterk lesnad det er. Tvert imot veks det i meg. Dei kallar på meg og eg kjem etter. Vil ha meir.

Um sakne springe blome fekk så mange stemmer i nomineringa til Bokbloggerprisen 2016, at ho har hamna på kortlista. Dei nominerte bøkene har som kjend fått kvar sin månad å bli heidra, og i april er det denne som er i fokus. Det er Eli og Beathe som har ansvar for samlesinga. Følgjer du desse to på Facebook eller Instagram, har du heilt sikkert fått med deg alle postane, deriblant Beathe sine legendariske SKAM-memes. Ein kan ikkje skulde dei for å ha gjort ein slett jobb med å gjere boka synleg i media. I love it og håpar fleire lar seg bergta av denne sterke diktsamlinga.


Deltar du i samlesinga? Visste du at du kan vinne alle bøkene frå Samlaget som har vore nominerte til Bokbloggerprisen dei siste åra? Det einaste du treng å gjere er å delta i hendinga. Easy peasy, altså.


Eg sku inkje ha ropa so høgt efte de

E sku inkje ha bore ei lengsle so tung

Meist ve di kome svei deu augo minne blinde af ljos

O deu kransa me   krona me di


Dikta er nok ikkje for alle, men det er for meg. Og kanskje for deg? Prøv da.

Deu er sleitt inkje vanskeleg. 

Senteret

Victoria Durnak: Senteret, 157 sider

Elsa blir gravid og flytter til Skien for å komme bort fra alt; barnefaren som ikke vil ha noe med henne eller babyen å gjøre, foreldrene hun ikke lenger har kontakt med, et liv hun ikke lenger ønsker å ha.

Babyen blir født; en liten jente hun ikke klarer å knytte seg til sånn hun ønsker. Sånn hun har lest at er normalt. Hun gir henne mat og passer på at hun får nok søvn, men er ikke glad i henne. Hun føler ikke at det er hennes baby. Hun tilbringer stort sett dagene nede på Herkules, et kjøpesenter i utkanten av byen. Hver dag triller hun dit og ser på andre mennesker. De som arbeider der og de andre som er innom. Hun observerer dem og lærer seg å gjenkjenne rutinene deres.

Brilleland er en av butikkene på senteret jeg liker aller best, Her er det god plass til vogna og lyset er behagelig. Det er så deilig å være et sted der alt er så velorganisert. Brillene uten styrke henger med fin avstand til hverandre på veggene. Linsevann og brillepuss på rekke og rad i den store glassmonteren. 

Jeg kjenner meg litt igjen i denne hvileløse vandringen, og tror jeg var innom den lokale butikken minst en gang per dag da eldstejenta var baby. Til forskjell fra Elsa, hadde jeg heldigvis et nettverk. Venninner, og barnefar, som kom fra jobb hver dag og avlastet meg. Det ble likevel mange lange dager, kun hun og jeg hele tiden. Vi hadde våre rutiner; søvn, amming, mer søvn og amming. Jeg var veldig knyttet til henne, men må innrømme det kunne bli kjedelig til tider. Men jeg hadde det bra og hun hadde det bra. Vi hadde andre.

Elsa har det ikke bra. Ingen har godt av å være så mye alene. Hun søker vennskap og ser seg ut folk hun ønsker å bli kjent med i kjøpesenteret, men blir ofte avvist. De som søker kontakt med Elsa, avviser hun. Hun sliter med fødselsdepresjon, men sier det ikke til noen. Det kan være vondt å lese, men forfatteren innehar en lun humor som letter det såre og får i stedet frem en underfundig og parodisk fortelling.

Anbefales.

Leseeksemplar fått av Flamme Forlag.

Svikne dagar

Elena Ferrante: Svikne dagar, 221 sider

Eg innrømmer det. Trass i at eg las, og likte, første boka i Napoli-kvartetten og eg har alle fire bøkene i hylla - så blei det med den eine. Eg har inga anna unnskyldning enn den eviglange #tbr-lista mi, som ser ut til å vekse i takt med åra som går. Eg følte eg hadde meir kontroll for nokre år sidan, både på lista, bloggen og kva bøker eg hadde i hylla. No tar lista stadig nye rekordar, bloggen er kraftig forsømt og det er snart like spennande å finne bøker i eiga bokhylle som det er å få post. Eg tar meg sjølv i å få same panikken i augene av tjukke bøker, som eg ser at elevane mine får. Og det er jo ingen bokelskar verdig. Men det er så mange bøker eg vil lese, og da er det kjærkome med dei tynne flisene og dei enkeltståande romanane. Det finst rett og slett for mykje bøker til at eg kan prioritere å lese murstein etter murstein, eller fire på rappen av same forfattar. Same kor gode dei er. Da må ein heller rasjonere dei ut. Det skal bli. Men ikkje enda. Eg skal berre lese (set inn det som passar) først.

Svikne dagar er ei av dei bøkene som fanga meg umiddelbart etter å ha lese første sida. Romanen handlar om Olga, som blir forlatt av mannen sin etter å ha vore gift i tolv år. Olga kan ikkje akseptere sviket, og er sikker på at mannen hennar vil kome tilbake til henne, dei to borna deira og schaferhunden Otto. Dagane går, og ho blir etterkvart så oppslukt av raseri at ho knapt ensar anna enn sjalusien som rir henne.

Eg levde i ei frykt for ikkje å hugse at eg måtte dra og hente Ilaria på skolen; og når eg sende Gianni på butikken for å handle inn det nødvendige, var eg alltid redd det kunne skje han noko, eller verre, at eg blei så innestengd i tankane mine at eg gløymde heile han og ikkje eingong hugsa å sjekke at han var komen tilbake. 

Olga er så djupt inn i eige tankestraumar at ho ikkje greier å ta vare på borna og hunden, og knapt nok seg sjølv. Ho mistar kontakten med røynda og kjempar mot dei destruktive kreftene som er i ferd med å sluke henne. Du føler med henne, men får likevel lyst til å filleriste henne, ropte at ho må ta seg saman. Ta seg av borna. I slutten av boka eskalerer det når både sonen og hunden blir akutt sjuke og Olga ikkje evnar å skaffe hjelp. Det er smertefull lesnad.

Svikne dagar er ei av dei beste bøkene eg har lese. Språket, orda, det set seg i tankane og ein greier ikkje å flykte frå dei. Dette er ikkje ei bok du les for å hygge deg. Tvert imot er det ei vond forteljing som minner oss på at ingenting er konstant, at vi berre er dyriske; menneske styrt av kjensler og fornuft. Kvar dag er ein kamp mellom desse to, og ein må heile tida meistre å halde dei i balanse. Av og til sigrar det eine over det andre, og da kan alt ryke om vi ikkje kjem oss opp att. Kva da?

Anbefalast!

Leseeksemplar fått av Samlaget.



Hest, hest, tiger, tiger

Mette Eike Neerlin: Hest, hest, tiger, tiger, 127 sider

Sjarm-alarm!

Dette må vere årets finaste forteljing. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal kategorisere henne, men eg tenkjer at om Ragnar Hovland hadde slått seg saman med Maria Parr, så hadde resultatet blitt nokolunde som denne boka.

Honey bur saman med mor og storesyster Mikala, som er hjerneskadd. Dei to systrene har ikkje same far. Far til Mikala bur i Nederland og far til Honey bur eit par gater unna. Honey er saman med far annakvar helg og av og til i vekedagane, når han kjem for å spandere kakao (det vil seie; låne pengar av henne. Kakaoen har ho enda ikkje sett snurten av).

Mikala interesserer seg primært for to ting; reseptkonvoluttane sine og tv-serien Matador, som er noko frå den gongen mor og far var barn. Ho har alle dei 24 episodane på dvd, og når ho ikkje driv og sorterer reseptkonvoluttar, sit ho klistra til tv-skjermen. 

Hest, hest, tiger, tiger har namnet sitt frå eit kinesisk uttrykk, mama huhu, som tyder nettopp hest, hest, tiger, tiger. Kinesarane bruker uttrykket om noko som ikkje er heilt bra, men som likevel kunne ha vore verre. Det er akkurat slik Honey har det. Vi skjønar at ho er eit neglisjert born, med ei syster som krev mykje merksemd, ei mor som er sliten og ein far som er mest opptatt av å ta seg ut og å skaffe pengar - sannsynlegvis på uærleg vis. Likevel kunne det ha vore verre. Dei er fine folk, som gjer så godt dei kan, sjølv om det ikkje alltid er i nærleiken av godt nok.

Honey er van med å klare seg sjølv, men liker å gjere alle til lags og svarer derfor gjerne ja på spørsmål ho kjem ut for, sjølv om det kanskje ikkje er rett svar. Dette gjer at ho ofte hamnar i dei raraste situasjonar. Ho tar til dømes ein busstur ho ikkje var meint å ta, berre fordi sjåføren spør om ho ikkje skal vere med. Ho tar plassen til ei som ikkje møter på eit kveldskurs i kinesisk, når læraren spør om det er ho som er Karen. Ho endar opp som besøksvenn til ein gammal mann på ein pleieheim fordi dei trur ho heiter Naja og er barnebarnet hans. Alt dette fordi ho ikkje torer å seie nei når folk spør henne om noko.

Ein kan godt seie at eg var litt sånn paff. Eg kunne sjølvsagt ane at dette var i ferd med å bli ein enormt pinleg situasjon, men eg kunne ikkje finne på noko anna enn å gå med. Først bussturen, no dette her. 

Det er ei sår bok som fortel om ei ung jente som har altfor stort innblikk i dei vaksne si verd. Honey tenkjer på alle andre før ho tenkjer på seg sjølv, også når ho snakkar usant er det for å skåne andre. Historia er i tillegg utruleg vittig, og forfattaren greier å kombinere humor og alvor sånn at det aldri tippar over og blir for mykje av det eine eller andre. Det er tragikomi på sitt beste.

Hest, hest, tiger, tiger er ei bok du les kjapt, men historia sit lenge. Boka er meint for born, men kan like gjerne nytast av vaksne.

Anbefalast varmt.

Leseeksemplar fått av Samlaget.