RSS

Sidan det forrige innlegget var på bokmål (og malen generelt), er det berre rett og rimeleg at neste innlegg er på nynorsk. Eg merkar at eg framleis kvir meg for å skrive på nynorsk, fordi eg var så dum (Ja, tenk!) at eg gjekk over til bokmål etter ungdomsskulen. Men nynorsken innhentar meg stadig, trykkjer den vakre språkdrakta nedover meg og tvingar fram skuldkjensle over å ha latt moderspråket gå i gløymeboka. Det var da voldsamt!

(Pause medan eg kikar i Bokmåls- og nynorskordboka for å sjå om det er noko som heiter voldsamt på nynorsk. Nei. Eg prøver voldsomt. Framleis ingen hell. Kva pokker! Ok, eg må omformulere. Skjønar de no kvifor eg kvir meg for å skrive nynorsk? Eg har da anna å drive med enn å bla i ordbøker heile dagen. Hrrmf! Medan eg framleis har de her. Eller dykk. Eg har ikkje heilt greie på kva tid eg skal skrive de og dykk. Eg kallar meg norsklærar, seier du? Ja, nemleg! Takk og pris for at nesten alle ungdommane skriv bokmål, svarar eg da.)

Det var da svært! Ja, det får halde. Skal eg byrje på det som eigentleg var tema i innlegget her, kanskje? Nemleg kø. Saka er den at eg har så mange bøker i kø for tida. Det er så mykje eg vil lese at blir reint stressa. Poenget med å lese er vel hovudsakleg å synke inn i litteraturen og nyte både ord og handling, men eg blir altså så stressa av alle bøkene som står i kø og masar på meg at eg i staden for å lese i eit behageleg tempo kor eg kan suge til meg alt av språklege verkemiddel, hastar meg gjennom teksten og heilt sikkert går glipp av fleire gode augneblinkar av litterær art. Skam meg! Men kva skal eg gjere da? Slutte å lese? Ikkje ønskje meg bøker i gåve lenger? Melde meg ut av ein eller fleire av bokklubbane eg har abonnement i? Nei, nei, nei! Bøker må eg ha. Dei gjer seg godt både i bokhylla og i sekken.

Eg må nok halde meg unna biblioteket ei stund. Kanskje til og med bokhandelen. Hmm, sistnevnte blir nok litt vanskeleg, i og med at det snart er jul og alt. Nei, eg fortener å få vandre i bokhandelen. Og kanskje litt i nettbutikken. Elles blir det ei fattig jul for min del. I alle fall for julekjensla mi. Det siste halvåret har lektyra mi hopa seg kraftig opp. Noko må gjerast skal eg kome meg a`jour. Men kva? Jau, det er vel berre å setje på kaffien og finne fram boka. Les! Les mykje! Les meir! Men ei bok i gongen, takk.

Bøker i kø:

1. Alberte-trilogien av Cora Sandel
2. Den glemte hagen av Kate Morton
3. Oda av Ketil Bjørnstad
4. Elven, Til musikken og Damen i dalen av Ketil Bjørnstad
5. Stille dager i Mixing Part av Erlend Loe (ja takk til å få i julegåve)
6. Glassklokken av Sylvia Plath
7. Don Quijote av Miguel de Cervantes (ja, eg tenkjer å prøve igjen)
8. Arbeid pågår av Marit Eikemo
9. Humlehonning, Hakkepølsa av Torgny Lindgren
10. Jeg forbanner tidens elv av Per Petterson
11. Eg elska ho, Lykka er ein sjeldan fugl av Anna Gavalda
12. La meg synge deg stille sanger av Linda Olsson
13. Epp av Axel Jensen

Dette er dei bøkene eg har i kø i bokhylla og hjå biblioteket (eventuelt gjerne i julegåve), men sjå ikkje vekk ifrå at eg tek ein bokleg avstikkar i ny og ne. Dermed er litteraturåret 2010 i boks for min del:)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Dette var kjekt!

ingvild auge her.

annkolaas sa...

Tusen takk! Skund deg å få bokblogg! Kan ikkje vere Bøygen-redaktør utan:)

Kirsten M sa...

Velkommen til bokbloggverden: )
kos deg i desembermnd med: Cora Sandel, flott triologi!

annkolaas sa...

Edit: No har eg greie på de og dykk altså! Helsing framtidas meg.