RSS

Lese eller leve?



Eg har ikkje skrive så mykje i det siste, men ser at eg har fått ein følgjer (kjekt!), så da lyt eg prøve å oppdatere litt oftare. Eg trudde ikkje nokon las bloggen min. Ikkje at orda mine hovudsakleg er meint for andre, dei er framkalla av eigen skriveglede, men det inspirerar (og gledar) at andre kan finne det interessant.

Grunnen til at eg har vore så lite skrivelysten, er alle bøkene er har lese i det siste. Eg blir så oppslukt av det eg les at eg vil fortelje alle om boka, men før eg kjem så langt har eg begynt på neste, og dermed er lesesirkelen i gang. Når eg har fått litt avstand, blir det straks litt vanskelegare å hugse nøyaktig kva det var som bergtok meg slik at eg knapt nok kunne leggje frå meg boka. Når eg er ferdig med boka, krev eg umiddelbart meir og kastar meg over neste, for å ikkje miste alle kjenslene lesinga gir. Eg må ha meir, meir!

Eg er eit typisk periode-menneske. Eg har periodar der eg til dømes berre et brunost på skiva, kun ser tv-seriar, trenar intenst, et uforsvarlege mengdar sjokolade. Eg går som regel lei etter nokre veker eller månader. I dei siste månadene har eg vore ekstremt leselysten og hatt nasen i ei bok så snart sjansen har budd seg. Eg surfar inne på bokhandlarsider, bokbloggar og les alt eg kjem over av litteraturrelatert stoff i avisene. Eg har førebudd meg på at perioda mi ikkje har lenge igjen, men kjensla av å vere leselei har latt vente på seg. Tvert imot glir eg stadig lenger inn i litteraturverda og får ikkje nok. Dess meir eg les, dess lenger blir leselista mi.

Det var møte på jobb i går. Det gjekk greit. Temaet bevega seg etterkvart mot Maria Parr, Anna Gavalda og Karl Ove Knausgård, og eg merka eg tok over samtalen. Eg storkosar meg når eg får snakke om bøker. Eg var på julebord forrige helg. Eg kjeda meg. Eg ville berre diskutere Mannen som elsket Yngve. Tidleg på kveld trekte eg meg tilbake for å lese på hotellrommet. Eg avlyste ein avtale for å få vite meir om Mathilde i Eg elska ho. Mannen min får servert forteljinger frå ei øy attmed midagsbordet og mamma får Historier frå barnemunn i jebursdagsgåve (ho hatar bøker, men set pris på ein god latter. På denne måten vinn vi begge). Familia mi er oppgitt over at eg kun har boktitlar på julegåvelista mi.

Eg ser at det går mot ei negativ utvikling her, men eg greier ikkje å la vere å tenkje at eg kastar vekk tida dersom eg ikkje les. Skal eg halde på familie og vener, blir eg nok nøydd til å slutte å innlemme dei i bøkene si verd. Men ikkje enno. Eg kjenner at perioda ikkje er over. Det er så mykje meir å lese. Eg trur det kan ta litt tid. Eg blir nok einstøing. Førebels er eg ikkje skremt av tanken. Å leva, det er å lese.

1 kommentarer:

Beatelill sa...

Jeg kjenner meg igjen i det du skriver. Jeg kan også være litt ensspora i perioder, og når jeg er i en leseperiode så er nesen nesten alltid begravd i ei bok. Det har vært fint å lese litt om hvordan du har likt de bøkene du har lest, men ingen skrivepress altså :) Ønsker deg ei riktig god helg!