RSS

Det er vakkert

Eg ser ofte at folk diskuterar dei fire store, og spør seg kven dei store forfattarane i vår tid er. Evt kven som kjem til å vere stor om 100 år (kanskje litt lenge til?). Det er eit svært vanskeleg spørsmål å svare på, men det er likevel ein forfattar eg alltid tenkjer på i slike samanhengar. Og det er Jon Fosse. Jon Fosse er Samlaget sin store stoltheit, og det er ikkje utan grunn. Han har, sidan debutromanen Raudt, svart i 1983, gitt ut fleire bøker, og forfattarskapen hans femner om romanar, noveller, dikt, barnebøker, essays og skodespel.



Eg lånte med meg denne boka heim frå ein kollega i går, og må seie eg blei ein smule misunneleg då eg opna boka og fann ei helsing til ho frå sjølvaste Jon Fosse inni. Kanskje det blir min tur ein annan gong?

Signe mista mannen sin, Asle, i ei ulukke på sjøen ein novemberdag for 23 år sidan. Signe venta på mannen sin den dagen, og ho ventar stadig i tankane sine. Vi får også høyre ei anna historie, frå Asle sitt perspektiv. Frå den dagen han forsvann sporlaust på sjøen, og då han tenkjer tilbake på den dagen då ein annan Asle, bror til denne Asle sin bestefar, druknar.

Språket i boka er vakkert, og den suggererende repeteringa gjer også denne romanen til ei intens oppleving, lik Melancholia. Synest eg i alle fall. Han greier å fange desse djupe, men likevel openbare kjenslene, og setje ord på dei i ei fortetta og lyrisk form.

Eg blei fullstendig bergtatt då eg las Melancholia 1 og 2, og denne boka fekk fram dei same kjenslene i meg. Det er Ales er ei historie om liv og død, sakn og sorg, ført i pennen med ei nydeleg språkdrakt.

0 kommentarer: