RSS

Eg har fått ein blogg-award



Denne fine awarden låg og venta på meg i forgårs. Tusen takk, Beate Lill! Det er kjekt å vite at nokon les bloggen min, og i tillegg likar han. Jippi:)

Kriteria som følgjer med å få dennne prisen er

- Kopier awarden til bloggen din.
- Link til personen som ga deg awarden.
- Fortell 7 interessante fakta om deg sjølv.
- Velg 7 andre bloggera som du sender awarden vidare til.
- Link til deira bloggar.
- Legg igjen ein kommentar i bloggen deira slik at dei får vite om denne awarden.

7 interessante (?) fakta om meg sjølv


1. Eg samlar på gamle blad. Tuppen, Lillemor og Hjerterevyen. Har vel rundt 800 stk.

2. Eg greidde aldri å bestemme meg for kva utdanning eg skulle velje, så eg har vidaregåande kurs i hudpleie og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Eg kom inn på jordbrukfaget, frisørlinja og allmennfag. Etter vidaregåande kom eg inn på bla jus og journalist, men begynte på lærarhøgskule. Eg hoppa av etter eit halvt år, og tok i staden medisin grunnfag og seinare eit kveldskurs i medisinsk sekretær. Til slutt peila eg meg inn på læraryrket igjen, og tok mellomfag i nordisk og religion. Puh!

I dag er eg norsklærar ved ein vidaregåande skule og stortrivst:)

3. Mi absolutte yndlingsbok i barneåra var Historien om Eleanor Roosevelt. Mamma fekk boka så ho var lita jente. Ei av dei få tinga ho ikkje har kasta. (Ho har kastemani. Eg har dessverre arva litt av han..)

4. Eg las konstant i oppveksten, og måtte få nytt lånekort heile tida (det var den tida vi fylte ut lånekortet sjølv).

5. Eg er avhengig av tv-seriar, og ser minst ein episode om dagen. Favorittseriane er Grey`s Anatomy, Private Practice, Ugly Betty, How I Met Your Mother, Seinfeld, Simpsons, Arrested Development og The Mentalist.

6. Eg er dritdårleg i matematikk, og strauk i faget fleire gongar.

7. Eg held på å byggje hus saman med familia. Glede!

Det var sju fakta om nevrotiske, vimsete meg;)

Eg trur dei fleste eg vil gi award til har fått frå før, unntatt Ingaplinga, ein tidlegare kollega som har blogga ei god stund. Ver så god!

2 kommentarer:

Ingaplinga sa...

Tusen takk ;)
Eg har tatt den på nynorsk, og bruk gjerne raud penn! Steik, det er lenge sidan eg skreiv på nynorsk utan dialektord!

annkolaas sa...

Eg trur ikkje eg er rette personen til å rette andre sine nynorskfeil. Eg er framleis på tilvenningsstadiet sjølv;)