RSS

Eg kjempar stadig



Jaggu fekk eg ikkje fortsette kampen med ein gong. Eg reserverte Min kamp 2 ved biblioteket forrige tysdag, og allereie laurdag fekk eg ta med boka heim. Ganske merkverdig, sidan det er opptil eitt (og meir) år med ventetid andre stader i landet. Er vi ikkje så kamplystne i Ålesund og omegn? Eg kasta meg over boka med det same, og blei ferdig i går kveld. Denne gangen skal eg prøve å halde meg vekke frå Knausgård ei stund, men det spørs om eg greier det. Eg har eit nevrotisk forhold til bøker, og må avslutte ein serie før eg begynner på neste. Men no har eg så mange andre i kø at eg må prøve å halde ut. Dessutan kjenner eg at eg blei litt smålei Knausgård i andre boka. (Eg sit eigentleg og lyg no. Kjenner eg meg sjølv rett, har eg reservert trearboka innen ei veke.) Dette betyr ikkje at eg ikkje likte boka. Tvert imot! Ho er vel så bra som førstemann, men førebels held ein ein knapp på nummer ein.

I Min kamp. Andre bok får vi høyre meir om tida i Sverige saman med Linda og borna. Han fortel mykje om korleis det er å vere trebansfar, om tida før eldstedottera blei fødd, sjølve fødselen, middagsselskap, korleis han og Linda blei eit par, fleire middagsselskap. Linda si mor, kameratane sine, Linda sitt forhold til familia hans, skrivetrongen, og spesielt korleis det er for ein nordmann å bo i Sverige.

Mitt inntrykk av romanpersonen Karl-Ove Knausgård er at han er ein mjuk og skjønsam mann. Han tek lett til tårene, og er ikkje glad i merksemd. Han er inneslutta og reservert, og tolkar alle situasjonar opp mot kvarandre og seg sjølv. Han likar å arbeide i fred, og kan skrive i dagevis utan menneskeleg kontakt, noko som førar til evige kranglar med kona. Han er flink til å lage mat, og blir ein skikkeleg flink husfar av å gå heime med eldstejenta.

Karl-Ove Knausgård skriv framleis ekte og nært, og har eit særskilt godt språk. Det er ikkje alle som greier å skrive om oppkast og avføring på ein poetisk måte, men Knausgård gjer det med stil. (Her var det meininga å slengje ned eit utdrag frå boka, kameraten til Knausgård seier nemleg noko liknande ein stad, men eg har som vanleg gløymt å merke med sidetalet. Eg har bladd over nokre gongar, men finn det ikkje att.)

Eg likar svært godt at vi får høyre om alle moglege delar av livet hans, alle moglege folk han kjenner. Han gir grundige personskildringar, også av seg sjølv sett frå deira synspunkt. Det er framleis litt for detaljerte passasjar somme stader, men det gjekk greit.

Eg likte boka.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Herre min hatt og min skapar for ei fart det er på lesinga di! Eg held framleis på med 1, har kome godt over halvvegs, men eg har trass alt hatt ho i hende sidan jul. Så... litt av ein leseinteressert litteraturvitar, youve got there!

annkolaas sa...

Eg er heimsøkt av alle bøkene i kø. Dei kjem til meg. Om dagen. Om natta. Når eg er på arbeid. Kviskrar meg i øyret. Les. Ropar på meg i draumen. Bla i meg! Frå bokhylla. Velg meg! Eg har ikkje anna valg.

Beatelill sa...

Jeg har en pris til deg :) http://beatelill.blogspot.com/2010/01/jeg-neier-og-takker.html
Riktig god helg!