Olaug Nilssen og Gunnhild ØyehaugDa var vi inne i 2010 (totusenogti, etter Språkrådets rettesnor), og eg er komen omtrent halvvegs i Knausgårds første kamp. Eg likar boka svært godt, men det har vore for lite lesetid no i jula. Mykje familietid. Akkurat slik det skal vere. Lesinga tek eg att i kvardagen. Det blir litt rart å fjerne leselista mi frå margen her, men det må ryddast plass til ny lektyre. Eg gler meg!
Eg har hatt desse 50 lesaropplevingane i 2009. Nokre fantastiske, nokre midt på treet, andre mindre gode. Eg har lese fleire bøker, men kjem ikkje på alle og har heller ikkje teke med alt eg les saman med småtrolla.
Spesielle funn i året som gjekkEg fekk augo opp for sprudlande og allsidige Olaug Nilssen og Selma Lønning Aarø.
Eg oppdaga Anna Gavalda og Gunnhild Øyehaug. Treng eg seie meir?
Eg trødde inn i Maria Parr si leikne verd. Og vil ikkje ut att!
Eg fekk presentere klassikarar, som falt i smak, hos småtrolla. Like spanande kvart år. Eldstejenta er berre fire år, og likte
Ekornløven like godt som eg gjorde då eg var åtte. Ho les vel Hamsun på den tida dersom eg fortsett slik.
2009-lektyreHerbjørg Wassmo:
Et glass melk takkSelma Lønning Aarø:
Vill ni åka mera?Selma Lønning Aarø:
En rekke avbrutte forsøkErlend Loe:
Stille dager i Mixing PartAnna Gavalda:
Eg elska hoTore Renberg:
Mannen som elsket YngveRonnie M.A.G. Larsen:
Offa - forteljingar frå ei øyMustafa Can:
Tett inntil dageneMarit Eikemo:
Arbeid pågårSelma Lønning Aarø:
Venstre hånd over høyre skulderRagnar Hovland:
ParadisRagnar Hovland:
Norske glederCarlos Ruiz Zafon:
Vindens skyggeDiane Setterfield:
Den trettende fortellingenErlend Loe:
Volvo LastvagnarPaulo Coelho:
Veronica vil døKari Vinje:
EkornløvenLevi Henriksen:
Snø vil falle over snø som har faltRoald Dahl:
Georgs magiske medisinTorbjørn Egner:
Klatremus og de andre dyrene i HakkebakkeskogenAnne-Cath Vestly:
Lillebror og KnertenMina Bai:
DjeveljenteJane Austen:
OvertalelseMaria Parr:
Tonje GlimmerdalKate Morton:
Tilbake til RivertonAnna Gavalda:
Saman er ein mindre aleineStephanie Meyer:
Breaking DawnStephanie Meyer:
FormørkelsenStephanie Meyer:
New MoonStephanie Meyer:
Evighetens kyssGunnhild Øyehaug:
Vente, blinkeOlaug Nilssen:
Få meg på, for faen!Olaug Nilssen:
Vi har så korte armarMarkus Zusak:
BoktyvenLars Ramslie:
DestroyerJostein Gaarder:
Sofies verdenEldrid Johansen:
Jul i SvingenDan Brown:
Engler og demoner (Brian Pilkington:
Bestefar julenisseAstrid Lindgren:
MarikkenAstrid Lindgren:
Se Marikken, det snør!Eva Eriksson:
Bella og GustavJon Fosse og Øyvind Torseter:
SpelejentaGudny Ingebjørg Hagen:
Storm og jentungenTony Ross:
Lille prinsesse - Jeg vil ha lyset på!, Jeg vil ha middagen min!, Jeg vil ha mammaen min!, Jeg vil ha smokken min!,
Jeg vil bli...,
Jeg vil hjem! og fleire av dei bøkene
Eg har hatt stor leselyst i 2009, og eg ser ingen grunn til at ho skal minke i 2010. Godt nyttår og god lesing!
2 kommentarer:
Å, no får e lyst til å lese meir!!!
Blei så sint på biblioteket da dei holdt stengt i over ei uke, at e ha boikotta dei etter det... Men tror at et av mine mål for 2010 må bli å lese meir!!!
Godt nytt år snuppa!
Måkje ver sinte på biblioteket. Dei stengte for å oppgradere og gjer det bedre for oss, veit du:) Ej fekk panikk da ej såg dei sku stenge, og lånte en diger stabel hehe. Rakk ikkje å lese halvparten engong før dei ha åpna igjen.
Ja!! Les meir! Det ska ej me (blant monge andre forsett hehe). GODT NYTTÅR!! Hels jobben:)
Legg inn en kommentar