RSS

Tre er ein for mykje



Eg las Mannen som elsket Yngve rett før jul, og blei ferdig med Kompani Orheim i dag. Sistnemnde gav meg ei litt kløyvd lesaroppleving, sidan boka har lege på jobb. Eg har lese i ho jamnt, men det har ikkje blitt så konsentrert lesing sidan eg har lese andre bøker innimellom. I forgårs bestemde eg meg heldigvis for at det var på tide å bli ferdig, så eg tok med boka heim. Dermed fekk eg frigjort den gode lesaropplevinga romanen er meint å gi.

Jarle Klepp er vaksen og bur i Bergen saman med kjærasten Lene. Ei natt får han telefon frå mora: Faren har døydd. Jarle og Lene kastar seg på fly heim til Jarle sin heimby, Stavanger. Dermed begynner Jarle sine tankar å vandre. Han tenkjer på oppveksten. Då det var han, faren og mora i eit rekkjehus med carport. Då dei var ei familie. Då dei var Kompani Orheim.

Det begynner lukkeleg. Mamma, pappa, barn. Sara, Terje, Jarle. Ei kjernefamilie som et middag saman kvar dag, og drar på bilferie om somrane. Jarle er uvitande om faren sitt alkoholproblem. Så begynner han å forstå meir. Kvifor mora kjem inn til Jarle og legg seg. Korleis ho fekk blåmerket på kinnet. Det blir stadig vanskelegare for skuleinspektør Terje å skjule misbruket sitt.

Samtidig er Jarle midt i puberteten og på jakt etter eigen identitet. Han er keitete. Han oppdagar jenter. Anja, Irene, Marianne. Saman med Helge kjempar han for antirasisme og feminisme. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Renberg er over gjennomsnittet interessert i musikk. Musikken ligg nærmast som eit bakteppe både i Kompani Orheim og Mannen som elsket Yngve.

Det heile toppar seg på familieferie i Telemark. Krigsinteresserte Terje har teke med seg Sara og Jarle for å gjenoppleve heltane i Telemark, Kompani Linge, sin tungtvannsaksjon. Terje er i sitt ess når han kan utbrodere hendinga på Vemork, medan Sara og Jarle ser på ferien som påtvinga. Familieidyllen slår sprekker. Denne gongen er det uoppretteleg. Kompani Linge står løpet ut, men Kompani Orheim feilar. Tre er ein for mykje. Sara og Jarle forlet kompaniet og tek pikenamnet til mora; Klepp. Terje Orheim sit att. Kompani Orheim er oppløyst.

Tore Renberg har eit godt utvikla språk, og i likskap med Mannen som elsket Yngve, snakkar han direkte til hovudpersonane når han skriv. Han trer på ein måte inn og ut av forteljinga, og det gir ei kraftfull og nær forteljarstemme. Han har eit kompakt språk proppa fullt av energi og innhald. Høyr denne fantastiske setninga her:

Han liker å smile til folk, i en liten forstad til den mellomstore byen Stavanger, hvor det er rikelig med regn og vind og kristendom, i et moderne rekkehus bygd etter sosiale boligprinsipper, omgitt i et bomberom i tilfelle krigen kommer tilbake, og fellesarealer for fredstidene.

Det er ikkje berre på arket Tore Renberg trollbind publikummet sitt. Trykk her for å sjå ein humoristisk Renberg gjeste Bokbadet i anledning utgivinga av Mannen som elsket Yngve.

Eg elskar oppvekstromanar (Ja, eg veit at det ikkje heiter oppvekst på nynorsk, men eg finn det ikkje naturleg å seie oppseding).

Bilete er som vanleg stjelt frå verdsveven

0 kommentarer: