RSS

Lesestoff

I går fekk eg premien min frå Bokbloggbuzzen. Hurra! I pakken låg tre kjekke bøker og to kinobillettar. I sommar skal eg sjå Sex og singelliv 2 og nyaste Twilight-filmen, så dei kjem godt med.



George P. Pelecanos: Den svarte våren


Reif Larsen: T.S. Spivets utvalgte verker


Belinda Starling: Bokbindersken

I tillegg til desse har eg tre-fire bøker på gang her heime. Det manglar altså ikkje på leseopplevingar i tida framover, men husbygginga tek store delar av tida mi så det går ikkje fort. Men eg skal alltids få pressa inn ei lesestund eller fleire. Tusen takk til Cappelen Damm:)

Ja, og så fekk eg ein badeball med bilete av Tassen og venene, til stor glede for småtrolla mine.

0 kommentarer: