RSS

Den lukkede bok

Jette A. Kaarsbøl: Den lukkede bok, 507 sider. Cappelen

Jette, kor har du vore i heile mitt liv?

Det er heilt utruleg at dette er debutboka til nesten 50 år gamle Jette Kaarsbøl. Eg blei ferdig med boka i går og sit att med ei kjensle av å ha vore vitne til noko ekstraordinært. For ei bok! Ho kom ikkje ut før i 2003 (på norsk i 2004), og eg lurer på kva i alle dagar forfattaren har drive med i alle desse åra? Korleis er det mogleg å site på ein skrivekunst av slik natur, men ikkje dele han med nokon før no? Eg seier no sidan ho var over 40 år før ho debuterte.

Den lukkede bok handlar om 21 år gamle Frederikke Leuenbech som skal gifte seg med den gudfryktige og moralske presten Christian Holm. Før ho kjem så langt, treffer ho den langt meir morosame og, ikkje minst, sjarmerande fødselslegen Frederik Faber. Han kjem med eit forslag til Fredrikke, som under omstenda ikkje er vond å be. I byrjinga er Frederikke overlykkeleg, men ho skal snart få oppdage at løyndommane lurer seg innpå ho.

Sjølv om dette først og fremst er Frederikke si historie, får vi innblikk i søstera Helena sin løyndom, Tilde Trappetøs sin lagnad, kusken, tenarane, og sjølv nokre av dei mest markante personlegdommane i det moderne gjennombrotet har ei rolle i denne romanen. Alle desse bipersonane er med på å føye saman bitane og løfte forteljinga opp og fram. Kaarsbøl bruker ei allvitande forteljarstemme, og tek i bruk modernistiske knep på ein elegant og utfordrande måte. Ho inviterar lesaren inn i meir enn sjølve historia; Vi får vere tause tilskodarar.

Vi ser Frederikke bakfra. Rommet hun befinner seg i, er enormt og har en katedrals pompøse strenghet, noe som tjener til å fremheve hvor liten hun selv er.

Ho leikar seg med lesaren, men veit å avgrense seg slik at ho held på den elegante og stilsikre forteljaren, og ikkje missar tiltrua vår.

Da hun våkner neste morgen, står hun straks opp og utfører sitt morgentoalett mekanisk og effektivt. Hun har klokelig ventet med å fortelle om løftet sitt til Frederik. Først ved frokostbordet - midt i den dødlignende stillheten - detonerer hun bomben! (Hvis noen ønsker en kort beskrivelse av denne scenen, er det bare å lese om igjen linjene 1-8 på side 119. Skift ut de kursiverte setningene og føy til at hun blir bedt om å forlate hjemmet øysblikkelig for aldri mer å vise seg!)

Boka er full av desse tøysete, men alvorlege innslaga. Eg veit at enkelte har irritert seg over dei, men eg synest tvert imot dei er fantastiske og gir boka eit friskt pust. Historia hoppar frå 1875 til 1933 og er innom fleire årstal. Nokre av frampeika kan heller ikkje skjønast fullt ut før ein tenkjer retrospekt lenger ut i romanen. Det kan vere litt forvirrande i byrjinga, men med Kaarsbøl sin grasiøse sikkerheit greier vi å halde følgje. Aha-opplevingane gjer dessutan boka ei mysteriøs gneist. Sjølv om vi skjønar kor det ber hen med ekteparet, er det Frederikke sin naivitet og lengsel som tek føringa.

Eg er svært glad i gamle romanar (her snakkar eg om bøker der forfattaren for lengst er død), og blir difor veldig takknemleg når nye forfattarar fører vidare desse historiene. Det ligg litt meir arbeid i å skrive ein roman med ei "gammal" ramme rundt seg, og når Kaarsbøl attpåtil har plassert kjende personar i handlinga, veit vi at det ligg ei viss sanning i det.

Eg gler meg vilt til neste lesesirkel, for da skal vi diskutere denne boka. Ho er dritbra! (Sitat kollegaen min. Men eg er einig.). Den lukkede bok er altså ikkje heilt lukka enda.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg ble også bergtatt av denne boka. Den er så fin!

annkolaas sa...

Ja, ikkje sant!

Trine Pedersen sa...

Helt enig med deg. Den boka er bare så god. Nå fikk jeg jammen lyst å lese den en gang til. :)

Anonym sa...

har aldri hørt om boka,men den skal jeg nok finne på Tromsø bibliotek snart!!

Operamint sa...

Helt enig! Husker jeg leste den sommeren den kom ut, og nøt hver side! Fantastisk!

Hilsen stine

Kasiopeiia sa...

Akk, kanskje jeg skulle tatt med meg den eneste boken jeg tok opp på dagens loppis..

annkolaas sa...

Kasiopeiia: Uffda, det var dumt. Du får springe på biblioteket en tur\;
Alle andre: Kjekt å høre at jeg er i godt selskap:)