RSS

Ein vakker dag

Anna Gavalda: Ein vakker dag, 161 sider. Samlaget

Eg er av dei som trykte Gavalda til brystet etter storslagne Saman er ein mindre aleine, og blei heller ikkje skuffa etter Eg elska ho. Det same kan eg ikkje seie om Lykka er ein sjeldan fugl, ein tjukk og keisam murstein. Det var derfor gledeleg å oppdage at Gavalda-en eg fall for er tilbake i Ein vakker dag .

Ein vakker dag er ei passe tynn bok om eit søskenpar som stikk av frå eit bryllaup, og køyrer av garde for å besøke bror sin. Boka består for det meste av dialogar mellom søskena, som har eit nært og godt forhold til kvarandre. Så godt at det nesten øydelegg for menneska rundt dei - som ikkje ser ut til å nå dei på same, nære måten. Det er ein slags køyretur (eg føler at road trip er meir dekkjande, men skal det vere norsk så må det bli norsk) der dei oppdagar nye sider hos kvarandre. Ein litt sånn finne seg sjæl-moral.

Gavalda held seg til stilen ho kan best; den litt nochalante haldninga som kjem til syne i karakterane ho byggjer boka rundt. Språk er noko ho kan, og det visast i knappe setningar, rikhaldige av kraft og meining. Eg får assosiasjonar om vakre franske kvinner, spinkle og avslappa. Dei treng ikkje meir enn litt lippgloss for å sjå bra ut, og kan lakkere neglar og byte klede i ein bil i fart. Det er nesten så eg får lyst å bli ein anorektisk kjederøykar med ei gi faen-haldning, for å prøve å nærme meg deira verd. (Eg er klar over at anorektisk og gi faen ikkje høyrer heilt saman, men likevel..)

Det er fort gjort å lese boka, men lesaropplevinga blir ikkje truga av den grunn. No kan eg leggje bort Gavaldavegringa, og glede meg til neste franske tilførsle.

3 kommentarer:

Kathleen sa...

Jeg synes denne var litt kjip. Eller, ok, men jeg forventer liksom så mye mer av Gavalda.

annkolaas sa...

Jeg kan forstå hva du mener, for det skal godt gjøres å toppe Saman er ein mindre aleine (ja, jeg har snust litt inne på bloggen din), men etter å ha lidd meg gjennom Lykka er ein sjeldan fugl, var dette en befrielse. Jeg synes ikke den var så gæærn, jeg;)

Anonym sa...

Åh, Jeg ønsker meg mer Gavalda!
Sunniva