RSS

Heavykatten og gitaren

Ojojoj! Eg har vore så oppslukt av boka mi og reint gløymt at eg skulle starte Bokbloggturné nummer 30 i går. Huff og gru! Boka har eg heller ikkje lese, så da var det berre å finne ein ledig augneblink innimellom 90-årsfeiring av kjærastemormor og innsjå at dagens Bokprogrammet på nrk2 går tapt (som om det ikkje hadde gjort det uansett. Det er Tottenhamkamp, må vite. For ordens skuld: Det er mannen min som ser. Eg hatar fotball. H-a-t-a-r.) Jauda, eg veit at det finst nett-tv. Men det er ikkje det same.

Men altså, tilbake til boka. Det er Roald Kaldestad si Heavykatten og gitaren det er snakk om, ei illustrert barnebok. Visstnok den fjerde i rekkja, og dei to første har nettopp blitt sendt i Barnetimen for dei minste i nrk P1. Takk, google.


Roald kaldestad: Heavykatten og gitaren, 77 sider. Cappelen Damm

Boka fortel om Heavykatten, som har fått ny gitar og er umåteleg stolt. Han bestemmer seg for å delta i kåringa av Byens beste gitarist (der bla 3. premien er ein geitost). Men gitaren blir stjålen og Heavykatten, Discodansemusa og pinnsvinet Phillip må ut og leite. Mistenkt nummer ein er Reven Ruben, som har sluppe ut av fengselet for god åtferd. Grev Pungrev og Pingvinen René ser heller ikkje heilt uskuldige ut, og har medlemmane i gruppa Hybelkaninene, Alaska Daska, Eddie Vedder og Tora Angora, reint mjøl i posen? Den stjålne gitaren er ikkje det einaste mysteriet i boka: Kven er Frøken Söllrew og kvifor har Ringreven Brukthandel ei nummerert liste over alle gitarane Grev Pungrev har bygd? Greier dei å løyse gåtene i tide slik at Heavykatten kan vere med i den store kåringa? Det er duka for fart og spenning.

Heavykatten og gitaren er ei morosam bok, full av referansar til hardrock og heavymusikk. Boka har artige ordspel og snodige vesen, og seiast å vere for 6-åringar og oppover, så denne skal eg misanten prøve ut på femåringen.

I morgon (som plutseleg blei i dag)skal Synne ta over pinnen og fortelje kva ho synest om Heavykatten og venene hans. Sjekk også Cappelen Damm si Facebookside.

God bok!

0 kommentarer: