RSS

Jul, jul, jul!

No fekk eg plutseleg litt tid mellom hendene (elevane mine har munnleg prosjekt og treng ikkje at eg heng over dei, så eg sit i staden og gløttar over datamaskina. Dersom lærarar les dette: Eg er fullt tilgjengeleg og brukar ikkje å surfe i timane. Men det er så kjedeleg å berre sitje og vente), så da kan eg hive meg i gong med den neste lista. Julelista. Som nemnt i forrige innlegg, kjem denne frå Bokdama.

1. Kva bok ønsker du deg til jul?

Eg har til ei kvar tid 100-vis av bøker eg ønsker meg, men dersom eg skal velje ut ei, må det bli Petter Schjerven si Nostalgisk ordbok, dugande til både undervising, hyggje og sikkert uendeleg mykje meir. Her kunne eg nok ha vore kynisk og kjøpt ho til mannen min, som eg veit også hadde satt pris på ho, men det skal eg ikkje gjere. I år skal han få klede, som han stadig masar om, men eg nektar å kjøpe, fordi han legg frå seg klede overalt og har skåpa fulle av ubrukte klede fordi dei klør, har for open hals, er for korte i armane, for kalde, for tynne, for sære og no må eg ha ei pustepause fordi eg blir altfor opphissa av dette temaet (det må påpeikast at eg ikkje meinar seksuelt). Kvifor eg avslørar at mannen min skal få klede her, tenk om han les det? Tru meg, det gjer han garantert ikkje.

2) Hvis du fekk gi ei bok til kva som helst kjend person, kven ville du ha valgt og kva bok ville du ha gitt? Skriv gjerne kvifor.

Eg ville ha gitt Erlend Loe si bok Mixing Part til Nigella Lawson. Engelsk oversett, sjølvsagt. Så ville ho forhåpentlegvis ha fått seg ein god latter. Dei som har lest boka, veit kvifor.

3) Nemn ei bok du har planar om å gi bort i julegåve.

Eg trur faktisk ikkje eg har tenkt å gi ei bok i julegåve i år (ååå??). Eg prøver alltid å variere gåve, slik at dei som fekk klede sist, får ting (eller leike dersom det er born) neste gong. Ettersom dei fleste fekk bøker sist, bør eg for husfredens si skuld gi noko anna i år.

4) Har du ein spesiell juletradisjon du følgjer opp kvart år?

Vi hentar fram julepynten (som er fordelt over tre kasser) 1. søndag i advent og julepyntar huset. Helst eit nyvaska hus. Julestjerne, adventstake og litt nissar og anna småpjask. Lillejulaftan pyntar vi juletreet og et graut med mandel i. Marsipangrisen er ikkje nokon av oss særleg begeistra for, så vi pla kjøpe ein sjokoladenisse. Andre faste ting eg kjem på, er familiemiddag (julesteik med kålrotstappe nam nam) med påfølgjande selskap 1. juledag i anledning svigerfar sin bursdag. Familieselskap hos tanta mi tredje eller fjerde juledag (i år reiser ho og familia til Thailand, så den tradisjonen skrantar. Tru om eg må kalle inn til familieråd?)

Elles er det årleg tradisjon å dra på teater og sjå Putti Plutti Pott, feire Santa Lucia og ha nissefest i barnehagen, og benke oss framfor tv-en og sjå Tre nøtter til Askepott. Sistnemnde er det for så vidt borna som har tatt over, mens vi vaksne spring rundt og gjer dei siste juleforberedingane. I år skal eg og eldstejenta på kino og sjå Reisen til julstjerna. Den filmen såg eg for første gong på kino saman med morfaren og eldstebror min. Eit godt juleminne.

5) Kva slags julemat har du alltid på bordet ditt til jul?

Svineribbe, fåreribbe, vigramør, kålrotstappe (som vi kallar kålerabistappe), surkål, rødkål, poteter, gulrøter, feitt (sistnemnde får vi ikkje hos svigers - helsefrikane).

6) Kva ønsker du deg til jul i tillegg til boken/bøkene over?

I likskap med Bokdama, ønsker eg også meg ei kaffimaskin. Eg trur dessverre ikkje at eg får det i år, får sjå. Av og til har eg lyst på berre ein kopp kaffi, og da orkar eg ikkje å trakte ei heil eller halv kanne - da må eg sete og syns synd i meg sjølv i staden. Forferdeleg. Elles ønsker eg meg tørketrommel, klede og modular (skap) frå Kvik eller IKEA til vaskerommet.

Kva med deg?

1 kommentarer:

labben sa...

Haha jeg tror Nigella hadde digget Loe og Bror Telemann! God jul =)