RSS

Ei audmjuk bok


Kristopher Schau: På vegne av venner, 92 sider

Begravelser er det nok av. Vi dør nemlig hele tiden. Og noen av oss gjør det altså alene.

Etter å ha sikla etter denne boka i godt og vel eit år no, gjorde eg det eg burde ha gjort for lenge sidan. Eg kjøpte ho. 99 kr på Ark i Molde. Kjenslene mine fekk ro, tankane fekk kvile. Trudde eg. Kvifor eg ikkje har kjøpt ho før tok styringa. Lenge leve nevrosa. Men no har eg lese ho. Kroppen har fått fred. Tankane derimot, er atter i sving. Men av den gode sorten.

Det er vel sopass mange som har lese denne boka at de veit kva det er snakk om. Unødvendig å påpeike at det er sjokkerande at sjølvaste moroklompen har skrive eit vakkert og sørgmodig essay, når vi forventar inkje mindre enn til dømes Våtmarksområder. Ikkje at eg skal samanlikne han med innhaldet i den boka, men han har gjort ein og annan ting som har fått meg til å snu hovudet i avsky.

Etter å ha lese ein artikkel om kommunale gravferder i Aftenposten, begynner Kristopher Schau å leggje merke til alle dødsannonsene merka "På vegne av venner". Gravferder som er iscenesatt. Der samfunnet er satt til å sørgje, og det offentlege tek seg av det praktiske. Han begynner å ta del i desse gravferdene. Dei avdøde skal sleppe å vere aleine på si siste reise. Han tek notatar, fører logg. Det blir eit prosjekt. Når han opplever å ikkje lenger bli rørt av å vere til stades, skal han slutte.

Begravelser er derfor, for meg, mer forbundet med en panisk følelse av å ikke kunne gråte. Ikke ha lov til å gråte. Jeg tror det kommer av en eller annen misforstått tanke om respekt for dem som sto den avdøde nærmere. Jeg vil ikke at noen skal tro jeg forsøker å stjele sorgen deres. Dette er ikke min anledning til å sørge.

På vegne av venner er ei nydeleg og kjenslevar bok. Schau skriv vakkert om einsemd, liv og død. Filosoferar over grunnleggjande spørsmål. Om val, håp og om det å bry seg.

For deg som no sit og kleiar i fingrane, ja, du har rett. Det var ikkje berre Schau som fekk idear etter å ha lese Aftenposten sin artikkel om kommunale gravferder. Samstundes som Schau sat det også ein annan person og lot seg bergta av Aftenposten sin tankevekkjande tekst. Ja. Eg snakkar sjølvsagt om Dagbladet-journalist (og Valderøying - huho!) Bernt Jakob Oksnes sin artikkel "Den usynlige". Han skreiv nydeleg og rørande om avdøde Jan-Erik Fosshaug. Ein artikkel som gav han den velfortente journalistprisen i fjor. Eg skulle linke til artikkelen hans no (for dei av dykk som enno ikkje har lese han. Eg vel å tru at det er ingen), men det greidde eg ikkje. Om det er eg eller hyperlinken det er noko gale med, kan nok diskuterast.

I alle høve - artikkel eller essay. Begge er vel verdt å få med seg.

3 kommentarer:

Bai sa...

Åh, ja! Den boka er kjempefin.

ellikken sa...

Fosshaug sin historie hugsar jeg særs godt.

(Det er sånn en fryd å lese nynorsk! TAKK!)

Selv maser jeg på samboeren min for å lese boken. Alle har godt av å lese Schau sin bok.

annkolaas sa...

Mannen min sa faktisk sjølv at han ville lese ho. Eg er framleis i sjokk.