RSS

Saras nøkkel


Tatiana de Rosnay: Saras nøkkel, 314 sider

Under Vichy-aksjonen i Paris i 1942, blir den jødiske familia til ti år gamle Sara ført bort av det franske politiet. I god tru om at dei kjem attende etter få timar, gøymer Sara den fire år gamle bror sin i eit skap. Ho låser skapet og puttar nøkkelen i lomma. Timane blir til dagar, og dagane til veker. Tanken på å bli sameint med veslebror blir stadig fjernare. 60 år seinare, i 2002, kjem journalisten Julia tilfeldigvis over historia om Sara. Ho oppdagar gamle løyndommar som tvingar ho til å stille spørsmål ved hennar eige liv.

Tanken på veslebror som sit i skåpet og ventar saman med bamsen sin, var heilt uuthaldeleg. Må det vere så tragisk? Og så ler eg av meg sjølv, for det er jo like dumt som å seie; Må det vere krig da? Kan ikkje alle berre vere vener. Boka er full av grusomme skildringar, likevel er det veslebror som greip hardast tak i meg. Eg synest det er forferdeleg, og blir samstundes sint på meg sjølv for å henge meg opp i den eine delen når mykje anna er vel så gale, og mykje mykje verre. Men så er det no slik at enkelthendingar ofte går meir inn på oss. Dei med andlet, namn, historie. Eg skammar meg. Eg er ei mor, har sjølv ein fire år gammal son, men det er inga unnskyldning. Det andre angår også meg.

Det eg kan henge meg opp i, er måten forteljingane er fortald. Sara si historie er fortald parallelt med notidshistoria om Julia. Det vekslar i annakvar kapittel. I begynninga var kapitla irriterande korte, knapt ei side for kvar historie. Eg rakk så vidt å kome inn i notidshistoria før fortidshistoria tok over. Og omvendt. Men det jamna seg ut, kapitla blei stadig lenger og til slutt tvinna inn i ei felles historie.

Det er populært dette, å la ei hending i fortida vere ankerfeste og flette inn ein notidssituasjon. Ei avsløring gjort av ein utanforståande (som da gjerne viser seg å likevel vere innblanda). Gjerne ein person som slit med eit eller anna i notida, eit forhold, ekteskap eller liknande. Ikkje at det er noko gale, altså. Det er spanande og tvingar både lesar og hovudperson til å tenkje over saker og ting. Ein del av livet, er det ikkje det dei seier?

Akkurat denne blandinga synest eg var litt merkeleg. Notidshistoria var så utprega kiosklitteratur at eg fann det kunstig saman med Sara si forteljing. Det er til dømes ikkje måte på kor ofte Julia legg seg ned i aprikosfarga laken som luktar av lavendel, kor utprega perfekte dei franske er (overraskande at ein fransk forfattar skriv så ærleg om sine eigne) og kor sentimentalt det heile endar.

Sara si historie er det beste med romanen. Det er ei viktig historie, og de Rosnay set fokus på ei hending som har vore fortia. Men så kjem Julia inn og rotar det til. Tek over fokuset med ekteskapsproblema sine. Eg lot meg underhalde av Julia si historie, jau da, men det utvikla seg så banalt at eg lurer på kvifor ho ikkje lot boka slutte femti sider før. Klart vi likar å vite kva som skjer, men av og til er det enkle best.

Uansett; Boka gjekk unna i ein fei. Umogleg å leggje frå seg. Det er jo eit stort pluss. Lavendelduftande laken eller ei, eg blei veldig oppslukt av Julia. Eg heia på ho. Kvinne som eg er. Sara fekk ein forferdeleg trist lagnad. Julia si sjølverklærte oppgåve om å reise land og strand rundt for å vere budbringar er i seg sjølv ei viktig problemstilling.

Eg anbefalar Saras nøkkel for historia si skuld. Dei 13 152 franske jødane som blei arrestert og innesperra i Vèl d`Hiv i 1942. Franske politimenn beordra aksjonen. Naboar tysta velvillig. Lukka augene. Det er viktig å vite.

8 kommentarer:

Malin sa...

Åh! Dinna helde ej akkurat på å lese :)

Mari - Escape In A Book sa...

Jeg har Saras nøkkel stående i bokhyllen men jeg er ikke så sikker på om jeg orker å lese den. Som du sier er hele historien rundt Vèl d`Hiv viktig, men jeg frykter at jeg også kommer til å henge meg opp i hendelsen med broren(kjenner jeg blir uvel bare av å tenke på det nå).

ellikken sa...

Se, der er du ferdig med den, ja!

Må si jeg syns boken er noe forbanna vrøvl, og jeg kjenner jeg fremdeles blir irritert over Julias væremåte og historie. Møkkabok!

Nemlig!

Les heller wiki sin fortelling om Vel d'hiv, spør du meg!


Sinna-Ellie :)

ellikken sa...

Se, der er du ferdig med den, ja!

Må si jeg syns boken er noe forbanna vrøvl, og jeg kjenner jeg fremdeles blir irritert over Julias væremåte og historie. Møkkabok!

Nemlig!

Les heller wiki sin fortelling om Vel d'hiv, spør du meg!


Sinna-Ellie :)

annkolaas sa...

Haha, er glad jeg ikke leste anmeldelsen din før jeg var ferdig:)

Ladybug: Om du leser den, så er det fort gjort. Men veldig ekkelt det med broren ja:(

fjord sa...

Dobbelt-sinna-Ellie, til og med. :)

Jeg tror ikke jeg kommer til å lese denne, mye pga det dere sier om Julia og de lavendelduftende laknene, men også fordi jeg blir uvel bare av å høre om fireåringen innelåst i skapet. (Og den rasjonelle delen av meg er enig i resonnementet ditt om at alle de andre skjebnene angår oss også, for all del.)

Elida sa...

Denne leste eg i sommar, og kunne ikkje legge den frå meg før eg var ferdig! Nydelig og sterk bok:) Du må og lese de Rosnays neste bok "Bumerang" :)

Lotte sa...

Enig, enig. Ble skuffet over denne boken, jeg synes hele Julia-historien ble skikkelig teit og overflatisk. Man kan liksom ikke sammenligne Julia og Saras liv...