RSS

Barnepiken


Kathryn Stockett: Barnepiken, 496 sider

Å, for ei bok! Denne har eg hatt lyst til å lese kjempelenge. Og no angrar eg. Nesten. Fordi eg ikkje lenger har ei slik bok å sjå fram til. Jauda, eg har bøker i fleng på lista mi, men denne var liksom noko for seg sjølv. Ei sikker bok. Ei eg visste eg ville like. Akkurat no er det vanskeleg å tenkje seg at eg skal greie å bli like oppslukt av ei anna bok. No er det denne som tel. Andre bøker akkurat no = Æsj! (Eg endrar nok meining ganske snart.)

La meg få ta deg attende til byrjinga av 60-talet. Sjå for deg Sørstatane, svarte hushjelper, kvite fruer. Vi er i Jackson, ein liten by i Mississippi. Slaveriet opphøyrde for 100 år sidan, likevel får ikkje dei svarte nytte det offentlege biblioteket, drikke av same vatn eller sitje saman med kvite i bussen. Blant anna. Blir ein svart mann teken i å bruke eit toalett meint for ein kvit, risikerar han å få rundjuling. Kan hende livet. Likevel er det i følgje lova han som har gjort ei grusom handling.

Vi blir kjend med Aibileen og Minny, begge tener hos kvite overklassefruer. Steller heimen, sørgar for alle måltida. Tek seg av bona deira. Ein kan nesten tru dei er ein del av familia. Men nei. Ikkje får dei bruke same toalettet, eller ete ved same bordet. Andre får ikkje eingong ete maten sin inne. Nokre hushjelper blir behandla greitt, andre blir behandla som dyr. Urettferda er i alle høve til å ta og føle på. Skeeter, ei 22 år gammal kvit kvinne er, som dei fleste kvite på sin alder, oppseda av familia si svarte hushjelp, og venninne med fleire av fruene som no har si eiga hushjelp. Når venninna hennar, Hilly, bestemmer seg for å kjempe enda hardare for å oppretthalde raseskillelova, begynner Skeeter i all løyndom å skrive dei svarte hushjelpene si historie. Ei sterk og viktig historie full av sorg, kampar og fornedring. Men også varme, humor og livslang kjærleik.

Dette er heilt klart ei slik bok du berre blir fullstendig fengja av. Fordi du veit at ho har sanning i seg, du veit at mykje av det har skjedd og at menneske over heile verda framleis må finne seg i urettferd. Heldigvis finnast det menneske som er villig til å ofre alt for å kjempe for fridom. For rettferd. For å gjere verda til ein bittelitt betre stad å vere. Det er viktig å vite. Men viktigare å handle. Rosa Parks har gjort det. Martin Luther King jr. er i ferd med å gjere det. Parallelt med desse får vi i Barnepiken høyre om Aibileen, Minny og Skeeter som tek affære. Dei risikerar mykje for å setje fokus. Dei vel det rette.

Eg vil seie at språket er godt. Ho unngår dei pompøse og kvalmande skildringane som ofte er uunngåelege i romanar med sterke tema, men greier likevel å få fram tyngda med eit enkelt og rett fram-språk. Sjølv om det er ein murstein av ei bok, blir du så oppslukt at der er vanskeleg å leggje ho frå seg. Eg seier du fordi eg er sikker på at dette er ei bok for alle. Også deg. Eg blei så glad i Aibileen, Minny og Skeeter - og også fleire av dei andre personane. Eg opplevde aldri å bli skuffa når synsvinkelen skifta, fordi det var like spennande å høyre om alle. Alt. Denne boka spelar på heile kjensleregisteret, og eg blei sint, glad, sorgtung og lykkeleg om kvarandre gjennom dei nærmare 500 sidene.

Dette er romandebuten til Stockett, noko som er særs imponerande. Boka har lege i toppen av salslistene sidan ho kom ut i 2009. I august 2011 kjem endatil filmen - og eg har klokketru på suksess.

Denne boka du lese!

4 kommentarer:

fjord sa...

Ja, den er virkelig drivende god!

Ingaplinga sa...

har lagt den inn på husk denne-listen min hos biblioteket!

annkolaas sa...

Gled deg!

Ingri sa...

Er veldig enig meddeg - den var nydelig, og en sann glede å lese!