RSS

15/52 og 16/52



Det begynner å bli ein vane, dette med å stadig vere eit skritt bak med novelleutfordringa. Ikkje at det må vere ei novelle i veka, men eg prøver likevel på det - kontrollfriken som eg er. Når sant skal seiast, så har eg faktisk lest mange, mange fleire noveller enn dei eg har skrive om. Noko som gjer utfordringa særs vellukka (ettersom poenget faktisk er å lese fleire, og bli oppmerksam på nye/gamle/gode novelleforfattarar). Problemet ligg i å få tid til å setje seg ned og skrive om dei. Så no kjem veke 15 og 16 i eitt, og det er rocken som ligg i sentrum.

15/52 Ragnar Hovland: "Ei fullstendig oversikt over rockens historie i Fusa kommune"

Ei morosam historie om Rocking Teddy, frontfiguren i rockegruppa The Bears. Eigentleg heiter han Terje Hauge og var visst ikkje så verst i rekning. Han er bygda sin mest etterlengta ungkar, med svart jakke, bukseselar og brylkrem i håret - og kan synge Elvis Presley og Jerry Lee Lewis i senk. Han skal vere med i norgesmeisterskap i rock, og heile bygda ventar heime medan rockeguden reiser til Oslo, knallsikker på rockesiger. Dagane sneglar seg forbi. Ikkje eingong kattane får i seg mat, så spente er dei i Fausa kommune. Etter seks dagar returnerar Rocking Teddy and The Bears, utan å kunne titulere seg som norgesmeistrar.

Det er blitt meg fortalt at i eit par linjer i Dagbladet var det nemnt at Norgesmeisterskapen i rock måtte avbrytast i ca. fem minuttar på grunn av fem drita fulle vestlendingar som ville trenge seg fram til scena. Dei slo til ei av vaktene, og laut tilbringe natta i fyllearresten. Men vi treng ikkje tru det som står i Dagbladet, like lite som ein treng tru det andre. Sanninga kan vere ei heilt anna.

Novella (om ein kan kalle historia det da - det er vel meir eit slags fiksjonskåseri, men eg brukar det likevel. Det er ei historie verd å lese) er veldig vittig. Hovland er alltid like morosam, og skildrar så levande at eg nesten trur det er eg som har opplevd dette. Denne, og fleire historier finn du i Vegen smal og porten lang, frå 1981. Det er forøvrig ikkje berre korthistorier han er god på. Han skriv fantastiske romanar, barnebøker og har også oversatt Anna Gavalda til norsk. Men det er kona hans, Tove Bakke, som har oversatt dei fleste av bøkene til Gavalda. Altså skjønar dei fransk også. Er det noko dei ikkje kan? Les Ragnar Hovland (og Anna Gavalda, for den saks skuld).

16/52 Ingvild H. Rishøi: "The life and death of Janis Joplin"

Men veit de; Vi har blitt lagt merke til! Ettersom novelleutfordringa si mor, Bai, ønska å vere anonym, tok bladet Kamille kontakt med meg og lurte på om dei kunne få skrive ein liten sak i påskenummeret. Eg legg stadig vekk ut om privatlivet mitt på bloggen, så det var vel liten vits i å gjere seg kostbar no. Så om de ikkje har lest Kamille nr. 8, løp og kjøp (i beste Se og Hør-språk). Der er det også eit stort intervju med novellefavoritten Ingvild H. Rishøi (og så meg da, saman med Lars Saabye Christensen, Gaute Heivoll og andre kjentfolk hå hå). Og bakerst i bladet får vi ein smakebit frå den nyaste novellesamlinga, Historien om fru Berg , aktuell i desse dagar. Novella heiter som nemnt The life and death of Janis Joplin, og er ganske lang, om lag åtte A4-sider, pluss/minus.

Det er fortald av ein jeg-person, ei jente, som feller tre ved kyrkjegarden. Ho veit ikkje heilt kva ho vil ha ut av livet, er stadig hos rådgivar for å finne svar. Rådgivaren hennar, ein pussig skrue, fortel at ho ser akkurat ut som Janis Joplin. Jenta har ikkje høyrt om ho, men skaffar seg snart ein cd, nettopp The life and death of Janis Joplin. Ho blir heilt oppslukt av musikken, og blir veldig oppteken av henne. Ho kan ikkje lese og skjønar ikkje at songaren er død for lenge sidan. Når ho til slutt blir klar over det, blir ho hysterisk og får eit tre over seg. Furua ho skulle ta heilt til slutt.

Novella er heilt grei. Fint språk, gode skildringar, men det var liksom noko som mangla. Ho traff meg ikkje like sterkt som dei andre novellene, men eg skal absolutt lese heile samlinga. Denne dama kan skrive.

That`s it.

1 kommentarer:

ellikken sa...

Aiiiiiiiiiii, så gøy! Jeg skal definitivt løpe (tusle) og kjøpe :)