RSS

Vondskap

I likskap med resten av Noreg, vakna eg i dag opp til sjokkerande nyhende. Det som i går kveld var minst 17 omkomne, ufatteleg, unødvendig, var i dag over 80. Brutalt rive vekk. Ubegripeleg, skremmande, trist. Det finst ikkje ord. Kva ville det vere? Kva skulle dei seie? Eg veit ikkje. Det er uforståeleg. Det er umenneskeleg. Det er vondskap.

Eg har gjort det som mange andre plar gjere i situasjonar som dette; Forsøkt å tenkje på andre ting, vore saman med familie, lest ferdig ei bok. Men stadig har tankane avbrutt meg. Stadig har eg vore innom nettet for å sjekke oppdateringar. Korleis kan eg la vere? Somme bloggarar oppmodar til eitt døgn med bloggestopp. Eg veit ikkje kva eg synest om det. Eg visste ikkje om eg skulle skrive noko. Om eg burde skrive noko. Men eg har ikkje anna enn ord å støtte meg til. Sjølv om dei gir fattig trøyst. Eg skjønar at det kan vere respektlaust å skrive når slikt har hendt, men samstundes treng folk å få det ut. Skriving kan vere terapeutisk. Samhald. Frigjering.

Det kjennest ikkje rett at eg skal sitje her og ytre meg om noko som i stor grad ikkje er mi sorg. Eg har ikkje mista nokon eg er glad i og er takksam for det. Eg kan gjere alt eg hadde planar om i dagane framover, kun avbrutt av tankane. Eg er i dag berre ein tilskodar til dette forferdelege som rullar over tv-skjermar, radio, aviser. Alle mine nære har det godt. Eg er priviligert og kan setje marerittet til sides når det blir for sterkt. Kva med dei som ikkje kan det? Altfor mange andre er dessverre ikkje like heldige. Dei kan ikkje berre skru av tv-en, bileta, lydane, skudda, smellet. Lukta av blod og redsel. Det å aldri meir få sjå sine kjære. Dei er framleis midt i marerittet. Eit mareritt som aldri skulle ha skjedd.

Min djupaste medkjensle til alle dei involverte.

0 kommentarer: