RSS

Bumerang


Tatiana de Rosnay: Bumerang, 286 sider

Planen om å lese litteratur frå mi eiga bokhylle går så det susar om dagen. Denne boka kjøpte eg i høve eit brannskadesal tidlegare i år, og no fekk eg endeleg lest ho. I likskap med Saras nøkkel, er også denne boka ein bestseljar. Eg skjønar kvifor; Her er spenning så det held, men eg held ein knapp på Saras nøkkel (sjølv om eg også der hadde eitt og anna å setje fingeren på). Det blei litt for enkelt, og ikkje så vanskeleg å gjette seg til den store løyndommen. Men eg synest forfattaren har skapt eit godt familiebilete av den skilde familiefaren som strever med å kome inn på borna sine. Ho pirkar sjølvsagt berre i overflata, men det gir historia litt meir tyngde. Og så er det jo ein real page turner. Litt enkel, men veldig spennande lesing. Eg innrømmer at eg fann det særs vanskeleg å leggje frå meg boka.

I høve 40-årsdagen hennar, overraskar Antoine systera si, Melanie, med ein helgetur til sommarens ferieparadis. Her kjem gløymde minner fram, spesielt sidan dei ikkje har vore der etter at mora deira døydde. På veg heim skal Melanie til å fortelje noko urovekkjande frå barndommen da ho plutseleg køyrer av vegen og blir hardt skada. Attende sit Antoine, utan ein skramme og undrar seg på kva ho skulle til å seie. Han begynner å grave i familiehistoria, og oppdagar løyndommar som aldri var meint for dei å finne ut av. Elles er personane typisk franske; vakre, seksuelle og vellukka. Som alltid.

Eg blei litt skuffa over desse løyndommane, men likte som sagt likevel boka. Forfattaren greier å halde spenninga oppe, sjølv etter å ha avslørt hovudplottet. Det er vel ei slik bok som kan passe under kategorien strandlektyre?

Anbefalast.

2 kommentarer:

Elida sa...

Enig med deg at boka kan ikkje måle seg med Saras nøkkel, men god underhaldning. Eg la til link i omtalen min, håper det går greit:-)

annkolaas sa...

Ingen problem. Vi vil jo spre litteraturen;)