RSS

Dødslekene


Suzanne Collins: Dødslekene, 453 sider

Reality-tv på sitt mest grusomme! Eg har høyrt mykje bra om denne trilogien, og såg meg nøydd å lese i alle fall første boka når inkje mindre enn tre elevar sit med denne boka på pulten. Eg fekk låne ho av eine eleven, og skal jaggu låne dei to andre også. For dette var spennande.

I nasjonen Panem ligg den høgteknologiske og rike hovudstaden Capitol. Capitol er omkransa av tolv distrikt der innbyggjarane svelt og eig minimalt. Styresettet i Capitol er miskunnlaust, noko dei viser med å kontrollere utkantdistrikta på ein pinefull og skånsellaus måte. For at distrikta ikkje skal gjere opprør fekk dei eit årleg realityprogram, direktesendt på tv: Dødslekene.

Regelen for Dødslekene er enkle. Som straff for opprøret må hvert av distriktene sende en gutt og en jente, som blir kalt tributter, for å delta. De tjuefire tributtene blir sendt ut på ein enorm utendørs arena som kan romme alt fra en glohet ørken til en frossen ødemark. I løpet av en periode på flere uker må deltakerne kjempe for livet. Den siste tributten som overlever, vinner.

Alle ungdommar mellom tolv og atten kan risikere å bli trekt ut. Ein blir kvalifisert det året ein fyller tolv. Året etter får ein dobbel oppføring, og slik går det heilt til ein er atten år og står oppført heile sju gongar. Ein kan i tillegg velje å bli oppført fleire gongar i bytte mot til dømes matrasjonar. Til fleire oppføringar ein har, til høgare sjanse har ein for å bli trekt ut. Frå distrikt 12 har seksten år gamle Katniss fått namnet sitt oppført tjue gongar. Sjokket blir difor stort når hennar tolv år gamle søster Prim blir trukke ut. Katniss bestemmer seg for å byte plass med ho, og signerer såleis nærmast sin eigen dødsdom. Let the games begin..

Eg er vanlegvis ikkje ein stor fan av slik litteratur, men her kan eg ikkje seie anna enn at dette er like spennande som det høyrast ut.

Anbefalast!

4 kommentarer:

Anja sa...

Liker du denne, må du lese Divergent av Veronika Roth også... Den er hakket bedre.

annkolaas sa...

Det er notert;)

Sophie sa...

Du burde sjekke ut http://capitolnorge.wordpress.com , den samlingsstedet for fans av Dødslekene!

:o)

Anonym sa...

Super spennende serie, klarte ikke å legge bøkene fra meg og leste ut serien i noen få dager!