RSS

Debutantar

Det har gått litt meir enn ei veke. Det kjennest forferdeleg urettferdig at eg er så heldig å kunne setje meg ned og konsentrere meg om å utforme ei bokmelding. Men eg er takksam. Eg er glad for at eg kan. For det eg har. Dei eg har.

Det blir ei kort bokmelding, og det er ei stund sidan eg las desse to bøkene - men det kjennest ikkje rett å skrive om dei før no. Eg skal forsøke skrive nokre få ord fordi bøkene er bra, og ei bra bok fortener god omtale. Eg skjønar at eg nesten har framstilt meg sjølv som ein debutantelskar, forståeleg nok, sidan eg les mykje debutantar. Eg veit i grunnen ikkje kvifor, men bøkene appellerer slik til meg. Sjølv om eine boka handlar om noko heilt anna enn den andre, synest eg det er så interessant at eg berre lese. Ikkje noko negativt med det. Snarare tvert om.


Guro Hoftun Gjestad sin debut Anfall er eine boka eg har lest. Det er ei stillferdig og kjenslemessig bok om død, sakn og vala ein tek. Boka begynner med at arkitekten Ella tek med mannen og den vesle dottera heim til foreldra for å feire jul. Her har ho ikkje vore sidan bror hennar tok sitt eige liv. Kanskje det er difor Ella rømmer inn i armane til ein kollega, eit forhold ho blir så oppslukt av at ho ikkje greier å sjå kva som skjer rundt ho. Noko lesaren ser så altfor godt. Det er hjarteskjerande å sjå korleis ho skyv dottera si lenger og lenger vekk, at ho ikkje ser ho. Eg likte denne boka kjempegodt! Bokelskerinna har intervjua Guro, les det her.

Den andre boka eg har lest, er Mellom oss av Ruth Lillegraven.

Boka opnar med 25-årige Svein, som reiste til Chile i 1972, og har vore sakna sidan. Tredve år seinare går familia framleis og ventar på livsteikn. Foreldra Jakob og Dagny, kjærasten Ranveig og dottera Tonje. Alle har fått tildelt ei rolle, kvart sitt kapittel. Historia hoppar fram og tilbake i tid, og avdekkjer djupe løyndommar. Eg likte denne boka, men det var likevel enkelte ting eg sakna. Det var ikkje vanskeleg å tenkje seg til mykje av hendingane, men ho skriv absolutt godt og kjem nært innpå personane. Eg synest slutten var veldig fin - det blei ein god kontrast til alt det andre og viser korleis eitt val kan påverke så mange, medan andre forblir upåverka. Ei god bok uansett, altså. Om boka ikkje nådde heilt opp hos meg, så gjorde ho det til gagns hos desse bloggarane: Knirk, Beate og Bokelskerinnen.

Anbefalast!

3 kommentarer:

Kathleen sa...

Mellom oss er fin, men den mangler liksom den ekstra piffen. Og regnes Ruth som debutant egentlig? Hun gav jo ut diktsamlingen 'Store stygge dikt' i 2005 (som i motsetning til romanen virkelig har den ekstra piffen!).

annkolaas sa...

Eg såg at ho har gitt ut ei diktsamling, men tenkte at ho i alle høve var romandebutant;)

Stine Marie sa...

Anfall står på min leseliste (som forøvrig aldri blir noe kortere til tross for iherdige forsøk), og denne anmeldelsen lover veldig bra!