RSS

Det nattblinde folket


Wenche Hauge: Det nattblinde folket, 136 sider

Ei barndomsvenninne kviskra meg i øyret og fortalde om denne boka. Eg ante ikkje at nokon frå mi eiga fødeøy hadde gitt ut noko av slik skjønnlitterær art, og sette umiddelbart alle midlar til for å få skaffe ho. Det var ikkje vanskeleg. Klart ein og anna valderøying har denne boka i hylla. Jau da. Same dag hadde eg boka i hende.

Det nattblinde folket er ei novellesamling. Ti noveller med fokus på bedehusmiljøet på Valderøya. Dei har ei kritisk vinkling og tek for seg unge jenter på veg inn i vaksenlivet. Nokre av dei har funne trua for lenge sidan, andre tvilar eller er på veg anten inn eller ut av dette miljøet. Felles for alle er at dei har ei kjensle av å bli pressa inn i noko dei ikkje kjenner seg heilt konfortable med. Dei kjenner seg aleine, forvilla, søkjande. Likevel er det ikkje nok å bli frelst. Vil Gud verkeleg straffe dei som likar rockemusikk, smakar alkohol eller dansar jazzballett? Blei den unge jenta utsett for ei bilulukke fordi bror hennar trongde eit varsel frå Gud?

Wenche Hauge gav ut Det nattblinde folket i 1986, da eg berre var seks år. Det seiast at ho var i dette miljøet, men braut ut. Eg vil difor tru at mykje av tankane og kjenslene i novellene er sjølvopplevde. Ho brukar sterke ord om straff og synd, og siste novella tek for seg ei som har blitt hjernevaska. Eg har spurt meg litt rundt om korleis folk reagerte da boka kom, og fekk til svar at det var ikkje populært. Ingen skulle lese boka, men alle visste kva som sto i ho. Boka og Wenche skulle tiast i hel. Det kan ikkje ha vore enkelt når ein kjem frå ei lita øy der alle kjenner alle.

Hauge har eit flytande språk med mange gode skildringar. No var det ikkje stiltonen som appellerte til meg i denne omgang, men nærleiken og temaet. Det er klart ein må lese boka når ein kjem frå same staden. Eg synest det er spennande å få innblikk i ungdomstida hennar. Sjølv om det er fiktive noveller, kan ein trekkje ein klar tråd gjennom dei. Dersom eg skal vurdere boka litterært, blei novellene litt for einsformige for meg i lengda. Ulike handlingar, men lik problemstilling. Likevel er det ei viktig problemstilling. Ho hadde noko ho trongde å seie, og ho fekk sagt det. Eg synest ho er tøff som torde.

0 kommentarer: