RSS

Etter dansen


Gunnhild Corwin: Etter dansen, 203 sider

Tidligere lo folk når de møtte meg. Nå gråter de. Det er tungt å forholde seg til.

Åtte år har gått sidan familien Corwin mista dottera si. I 2002 tapte Ida kampen mot kreften, berre 19 år gammal. Ho var ei livsglad jente som elska å danse. Ei uskyldig forkjøling viser seg å vere akutt lymfatisk leukemi, og familien må førebu seg på det verste. Å miste Ida. I Idas dans fortel mor hennar, Gunnhild, om dei siste 14 månadane av Ida sitt liv. Eg har ikkje lest denne boka, men veldig mange av elevane mine har. Når eg spør kva dei har lese av bøker, er svaret nesten alltid Regines bok og Idas dans. Paradoksalt nok bøker eg bevisst unngår. Fordi det blir for vanskeleg, for sterkt. Veit eg at nokon i boka døyr, vil eg helst ikkje lese ho. Elevane mine er sterke. Les dei sjeldan, så les dei i alle fall godt. Og med heile kroppen. Alle kjenslene. Det er tøft.

I Etter dansen fortel Gunnhild om tida etterpå. Ho skriv om sorg og tabu, forbodne tankar om liv og død, om kjærleik. Ingen sørgjer betre eller dårlegare enn andre. Gunnhild si sorg er ikkje verre enn dei andre som mista Ida. Men det er hennar sorg. Ho mista bornet sitt. Søskena mista systera si og vennene mista venninna si. Alle sørgjer forskjellig. I denne boka set Gunnhild fokus på livskunst, og skriver om vala ho har tatt. Valet om å leve det livet ho har - ikkje det livet ho kunne ha hatt. Sorga er framleis like sterk, men ho har lært seg å gi ho rom, tid. Med sorga som naturleg følgje omfamnar ho livet og alt det har å by på. Og det er ikkje lite.

Utfordringene ligger rett foran meg. Det er opp til meg å møte dem eller la dem bli liggende.

Når denne boka dukka opp i postkassa mi, måtte eg revurdere litt. Eg måtte i alle fall begynne med Idas dans, men ho var umogleg å få i hende. Framleis utlånt overalt. Det er bra. Eg fekk gjere ein vri. Eg leste Etter dansen og greidde ikkje å leggje ho frå meg. Gunnhild skriv om glede og smerte om kvarandre, og at ho treng å føle begge for å leve mest mogleg, best mogleg.

Det er ei trist og vakker bok, ei påminning om å ta vare det vi har, dei vi har.

Jeg trenger ikke dra på yogakurs til India, fikse rynkene med Botox, være evig ung, ha sex i taklampa, eller drikke kald chablis for å bli lykkelig - skjønt en kald chablis hjelper godt. Lykken er innen rekkevidde. I meg.

Takk til Aschehoug for leseeksemplar. Anbefalast varmt.

3 kommentarer:

Stine Marie sa...

Åh, jeg husker så godt at jeg leste Idas dans og hadd ikke rukket å lese mange sidene før de første tråene kom trillende. Denne "oppfølgeren" må jeg definitivt få med meg!

Bokelskerinnen sa...

Jeg har Idas dans i pocket, men har ikke orket å begynne på den enda. Er redd den kommer til å være for sterk.

ellikken sa...

Ser frem til å lese denne. Gråt, gråt og atter gråt av Idas dans, og ser frem til å lese hvordan moren beskriver det å leve med sorg.