RSS

Drama med Hilde


Vigdis Hjorth: Drama med Hilde, 184 sider

Dette er ei dame eg har til gode å stifte kjennskap til (med unntak av Jørgen + Anne = sant, da). Eg har høyrt så mykje forskjellig om Vigdis Hjorth - da tenkjer eg på alt frå genierklæringar til Kristopher Scau sitt forfallsprosjekt for nokre år sidan, der han blant anna skulle lese Vigdis Hjorth-romanar. Han meinte at ho bruker "lange, følsomme setninger" han hadde vanskeleg for å ta innover seg akkurat da. Når ein ikkje sit i eit ope glasbur så kan kanskje lange, følsomme setningar vere akkurat det ein treng. Eg valde å begynne med ein av dei tidlege romanane hennar. Ganske tilfeldig, for det var kollegaen min som kom dragande med boka. Ho kjenner forfattarskapen hennar, og meiner forresten at Hjorth sine nyare romanar er mykje betre og av langt betre kvalitet. Eg får arbeide meg kronologisk framover og sjå om det stemmer. Noko eg ikkje tvilar på, altså.

Drama med Hilde handlar om ein dramalærar med namnet Hilde. Hilde lever opp til dette, og er ei av ei mest dramatiske kvinnene eg har lest om i ein roman. Ho er svært nevrotisk og greier stadig vekk å rote det til for seg, noko mannen hennar ser ut til å vere nokså oppgitt over. Ho overanalyserar alle situasjonar, noko som fører til at ho ikkje får med seg kva som blir sagt, og dermed må ho forsøke å skjule at ho ikkje fekk det med seg og så har vi det gåande. Ho er veldig impulsiv og kan til dømes få for seg at eit par nye øyredobbar er nettopp det som trengs for å få alt til å lukkast. Når ho får noko for seg, må det skje med ein gong. Får ho eit innfall av at ho passar betre med kort hår, ja, så kan ho ikkje vente til dagen etter når frisørsalongen er open. Ho finner fram saksa og klipper håret sjølv.

Det er ei veldig morosam bok. Hilde er eit komisk vesen og det er nesten beundringsverdig at ho klarer å komme opp i desse situasjonane. Men eg kjende eg blei oppgitt og flau på hennar vegne meir enn det var morosamt. Ho gjer i tillegg ein del ting eg synest var reint ekle. Ho suger stadig vekk på kontaklinsene sine og tissar jamnleg i vasken. Sistnemnde rett nok fordi badet er under oppussing og ho er redd for å gå på do i kjellaren. Måten ho øydeleggjer for seg sjølv med å vere så nervøs blir travelt. Det er nesten så eg får lyst til å gå inn i boka og kjefte (eller smekke) ho til fornuft.

Travelheita til side er det ei artig bok, og eg synest Hjorth har truffe blink med karakteristikken av denne håplause, usikre kvinna. Eg fekk metta mi av Hilde, men vil gjerne lese meir av Hjorth.

Anbefalast for dei som toler ein god porsjon nevrose.

1 kommentarer:

Stine Marie sa...

Vigdis Hjorth er en bra dame! Har riktignok ikke lest denne boken, men sånn cirka seks andre av hennes bøker har jeg slukt.